Med Samferdselsdepartementet sitt klarsignal for bygging av gassferjer til dei to viktige kyststamvegsambanda Halhjem-Sandvikvåg og Mortavika-Arsvågen vil vi i løpet av eit par års tid få ei etterlengta og naudsynt fornying av ferjeflåten, seier leiar i V
Samstundes som vi får meir miljøvenlege ferjer, vert reisetida kortare og vi får frigjort dagens ferjer til bruk i andre samband som også treng oppgradering, påpeikar Selsvold Nyborg. Ho ser vedtaket om å byggja gassferjer som eit gjennombrot for å ta i bruk naturgass i ferjedrifta og i neste omgang i kystfarten generelt.
For E 39 Kyststamvegen vil gassferjene gje vesentleg innkorting i reisetida, noko som vert særleg merkbart på den lange strekninga Halhjem-Sandvikvåg. Der vil reisetida gå ned frå dagens 50 minuttar til ca. halvtimen. Også den ca. 25 minuttar lange overfarten Mortavika-Arsvågen vil verta kortare.
Det er vel ti år sidan vi i Hordaland, gjennom det dåverande Trollutvalet, fekk sett i gang utgreiingar om å ta i bruk naturgass til ferjedrift og kystfart. Med det gjennombrotet bygging av gassferjer i to store samband er, gler vi oss derfor ekstra mykje i dag, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Stanley Hauge