Hordaland fylkesutval har vedteke å løyve 100.000 kroner pr. år over to år, slik at kabelferja mellom Duesund og Masfjordnes kan få utvida opningstid. Det er ein føresetnad at stat og kommune er med og dekkjer meirutgiftene.
Den utvida opningstida kan medverke til positiv utvikling i Masfjorden kommune. Totalt blir ekstrautgiftene 470.000 kroner i året. Desse er planlagt finansiert med 270.000 kroner frå staten, 100.000 kroner frå fylkeskommunen og 100.000 kroner frå Masfjorden kommune.
I saksførelegget understrekar fylkesrådmannen at ferjesambandet er riksveg og dermed statleg ansvar. Når fylkeskommunen likevel vil bruke pengar på tiltaket er dette fordi kommunen ligg i eit næringssvakt område og der fjorden deler kommunen i to. I tillegg til betre grunnlag for næringsutvikling, legg fylkesrådmannen vekt på at auka opningstid vil betre velferdstiltaka for innbyggarane.
Stanley Hauge