I arbeidet med fylkesplanen for 2005-2008 legg Hordaland fylkeskommune opp til aktiv bruk av internett. Internettadressa til sidene er http://fylkesplan.ivest.no - merk at www. ikkje skal vera med i nettadressa.
http://fylkesplan.ivest.no
Nettsidene om fylkesplanen er lagde opp slik at dei gjev alle tilgang til generell informasjon. Alle som er trekte med i planarbeidet får tilgang til å delta aktivt med innspel og på debattsider.
Fylkesplanen 2005-2008 skal endeleg vedtakast av fylkestinget i desember i år. 19. februar vart det halde fylkesplankonferanse i Bergen med deltaking frå kommunar, statlege organ, organisasjonane i næringsliv og arbeidsliv og frivillige organisasjonar.
Fylkesrådmannen sitt utkast til høyringsdokument skal vera klart i midten av mai, og skal handsamast av fylkestinget 8.-9. juni. Deretter går det på høyring med frist 20. september.
Stanley Hauge