Fremjar motsegn mot kommuneplan for Tysnes

Hordaland fylkesutval har vedteke å fremja motsegn mot kommuneplanen for Tysnes når det gjeld Onarheimsområdet. I fylkesutvalet sitt møte 26. februar vart følgjande forslag, fremja av Terje Søviknes på vegner Frp, H og KrF, vedteke:

«Onarheimsområdet inneheld store kulturminnefaglege verdiar. Eit område kring kyrkja og ned til sjøen blir rekna som automatisk freda og det er stort potensial for funn av nye fornminne. Onarheim har ei verdifull strandsone.
Fylkesutvalet syner til at Tysnes kommune har synt vilje til drøftingar av planutkastet for Onarheimsområdet. For å sikra denne prosessen fremjar fylkesutvalet difor formell motsegn til følgjande område på Onarheim:

· Serviceområde ved kyrkja på grunn av konflikt med kulturminne.
· Naustområde ved sjøen på grunn av konflikt med automatisk freda kulturminne.
· Manglande avgrensing av bandlagt automatisk freda område.
· Omfanget av næringsareal ved sjøen på grunn av konflikt med strandsonevern/landskap.

Fylkesutvalet legg til grunn at ein i dei komande drøftingane finn tilfredsstillande løysingar for området, slik at motsegna kan trekkjast og kommuneplanen eigengodkjennast av Tysnes kommune.»
Fellesforslaget vart vedteke med 10 (Frp, H, KrF, Sp, V) mot 5 (Ap, SV, RV og V) røyster.

Arbeidarpartiet fremja fylkesrådmannen sitt forslag til motsegn. Dette forslaget fekk seks røyster og fall. Dei som røysta for dette forslaget var Ap, SV, RV og V. Etter at dette forslaget hadde falle støtta Venstre subsidiert fellesforslaget.
Dei sju første punkta i fylkesutvalet sitt vedtak i denne saka var samrøystes.

Fylkesutvalet sitt vedtak:
1 Kommuneplan for Tysnes er utvikla i ein god prosess med fylkeskommunen og er i store trekk i samsvar med regional politikk.

2 Fylkesutvalet er samd i kommunen si vektlegging av utvikling av sentera Våge, Lunde, Uggdalseidet og Onarheim. Lokalisering av bustadområde og område for offentleg føremål/service vil styrkje desse sentera.

3 Fylkesutvalet har merka seg at kommunen har reserve av hytteområde og at det ikkje blir lagt ut vesentleg nye område. Område ved Onarheim og på austsida av Tysnes bør vurderast på nytt for å ta omsyn til strandsona ved Onarheim og eit eksponert område ut mot Lukkesundinnseglinga.

4 Fylkesutvalet viser til at reiselivsnæringa er eit satsingsområde i Hordaland. Nye reiselivsanlegg bør byggjast slik at landskapskvalitetar blir ivaretatt. Kommunen bør vurdera alle nye område i ein slik samanhang og spesielt området ved Hovland som har ei eksponering ut mot verdifull strandsone.

5 Fylkesutvalet meiner dei nye industriområda i tilknyting til kyststamvegen vil stø opp under investeringar i kyststamvegen og styrke Tysnes som lokaliseringsstad for verksemder.

6 Fylkesutvalet viser til at havbruksnæringa er eit satsingsområde i Hordaland og har merka seg at kystsoneplanen er integrert i kommuneplanen. Nye artar er på veg inn i næringa og det kan raskt bli trong for å oppdatera denne delen. Fylkesutvalet har og merka seg at kyststamvegen er lagt inn i planen. Fylkesutvalet vil koma attende til planane om utbetring av fylkesvegen på søraustsida fram til Nedrevåge næringsområde og eventuell vegutløysing for Huglo når det ligg føre meir konkrete planar.

7 Av omsyn til kulturminnevernet ber fylkesutvalet om at retningsliner/føresegner til planen vert styrka når det gjeld vern av kulturminne i sjø, vern av sjøbruksmiljø og bygging i område for spreidd bustadbygging ved at kulturminnestyresmaktene vert høyringsinnstans.
Fylkesutvalet rår til at verneverdige sjøbruksmiljø vert merka på arealkartet under ”andre opplysning” for å synleggjera desse ressursane.
Fylkeskommunen tek atterhald om arealbruken inntil undersøkingsplikta etter § 9 i Kulturminnelova er oppfylt.

8 Onarheimsområdet inneheld store kulturminnefaglege verdiar. Eit område kring kyrkja og ned til sjøen blir rekna som automatisk freda og det er stort potensial for funn av nye fornminne. Onarheim har ei verdifull strandsone.

Fylkesutvalet syner til at Tysnes kommune har synt vilje til drøftingar av planutkastet for Onarheimsområdet. For å sikra denne prosessen fremjar fylkesutvalet difor formell motsegn til følgjande område på Onarheim:

· Serviceområde ved kyrkja på grunn av konflikt med kulturminne.
· Naustområde ved sjøen på grunn av konflikt med automatisk freda kulturminne.
· Manglande avgrensing av bandlagt automatisk freda område.
· Omfanget av næringsareal ved sjøen på grunn av konflikt med strandsonevern/landskap.

Fylkesutvalet legg til grunn at ein i dei komande drøftingane finn tilfredsstillande løysingar for området, slik at motsegna kan trekkjast og kommuneplanen eigengodkjennast av Tysnes kommune.»

Stanley Hauge

27.02.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart