På ekstraordinær generalforsamling 13. februar 2004 vart Einar Lutro (H) valt til ny styreleiar i Hardangerbrua as. Magnar Lussand (Sp) som har leia styret sidan 2000, held fram i styret som styremedlem. Dei to andre styremedlemene som er valde frå Hordal

Leiarskifte: Magnar Lussand (t.v.) er avløyst av Einar Lutro som ny leiar av Hardangerbrua. Lussand heldt fram som vanleg styremedlem. (foto: Hardangerbrua as)
Styret for Hardangerbrua vert politisk oppnemnt av kommunestyra og fylkestinget for 4 år om gongen. Brustyret hadde ønskje om å halda formelt val av nytt styre samstundes som årsrekneskap og årsrapport skal handsamaast. På grunn av at rekneskapen ikkje kan bli ferdig før over påske, fann ein det tenleg for saka å foreta styreskifte no. Ordinær generalforsamling vart halden i juni 2003.
Generalforsamlinga gjekk inn for at det skal oppnemnast personlege vararepresentantar til styret. Eigarane vert oppmoda om å velja kandidatar etter same mønster som for faste representantar.
På grunn av stor arbeidsmengd, har Torbjørn Wilhelmsen som har vore engasjert som dagleg leiar av selskapet sidan 1996, bede styret om avløysing for ansvaret for administrative oppgåver. Styret har akseptert dette og det er lagt opp til ei ”mjuk” overgang av drifta av selskapet i løpet av våren 2004, ved at Lutro går inn som arbeidande styreleiar. Wilhelmsen vil halde fram som rådgjevar for Hardangerbrua as.
Stanley Hauge