
Konstituert opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld (f.v.), bibliotekar Krassi Rynning, saksordførar for bibliotekplanen, Lars Inge Bremnes, fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt og rektor Bjørn Birknes deltok i opninga av modellbiblioteket ved Os vidaregåande skule.
Stor dag
- Dette er ein stor dag for Os vidaregåande skule. Det er ei ære å bli utnemnt til modellbibliotek. For skulen er dette eit kvalitetsstempel. Biblioteket skal bli eit førebilete for resten av fylket, sa Bremnes og overrekte blomster til bibliotekar Krassi Rynning.
Stolt og audmjuk
Rektor Bjørn Birknes sa at han var både stolt og audmjuk over at skulen var vald ut.
- Vi vonar at dei andre skulane i fylket kjem til oss og ser kva vi har fått til. Bibliotekaren kan og reise ut og presentere biblioteket vårt, sa rektor.
Modell for morgondagens skule
Konstituert opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld sa at biblioteket er modell for morgondagens skule.
- Vi skal snart byggje to nye vidaregåande skular i fylket, og vi skal ta med erfaringane her i bygginga av dei, sa Fjeld og takka spesielt Ruth Ørnholt og Siri Sjursen ved fylkesbiblioteket og Marianne Haaland i arbeidslaget kompetansefylket Hordaland for innsatsen med å få til modellbiblioteket. Fjeld takka og skulen for at den tek på seg oppgåva og overrekte 5000 kroner til rektor til kjøp av bøker til biblioteket.
Milepæl
Fylkesbibliotekar Ruth Ørnholt sa at dette var ei milepæl for fylkeskommunen.
- Vi opnar eit bibliotek som er modell for skulebiblioteka som skal kome i den vidaregåande skulen dei neste åra. Vi treng førebilete som viser kor fint vi kan ha det og kor lett vi kan samarbeide, sa Ørnholt og håpa at biblioteket fekk mykje besøk, både av administratorar og pedagogar. Ho overrekte ein globus til rektor, for plassering i biblioteket.
Strategisk viktig
Tanken om å utvikle gode skulebibliotektenester går fram av gjeldande bibliotekplan for Hordaland. Oppretting av eit modellbibliotek blir sett på som strategisk viktig. For å realisere tanken raskt gjekk arbeidslaget kompetansefylket Hordaland og Hordaland fylkesbibliotek i samarbeid med opplæringsavdelinga i gang med eit treårig prosjekt.
I fjor meldte seks vidaregåande skular i fylket interesse for å bli med. Os vidaregåande skule vart vald ut av tre årsaker. Skulen er den einaste vidaregåande skule i fylket med fagutdanna bibliotekar i full stilling. Biblioteket har gode fysiske forhold, og det er lagt til rette med PC-rom og virtuelt bibliotek som er søkbart via PC over heile skulen.
Ambisiøse mål
Modellbiblioteket på skulen har store ambisiøse mål. Det skal representere nye driftsmåtar med vekt på virtuelle læremiddel-, informasjons- og litteraturformidling. Det skal fungere som eit aktivt læringssenter og studieverkstad. Skulebibliotekaren skal vere tilgjengeleg heile skuledagen og samarbeide med lærarane i planlegging av undervisingsopplegg.
Bibliotekar Krassi Rynning seier dette er spennande og at ho likar å arbeide med ungdommane og dei tilsette ved skulen. Rektor takka Rynning og alle dei andre som har arbeidd med biblioteket for innsatsen deira.
- Det er dykkar medarbeidarar som skal arbeide vidare med å utvikle biblioteket, sa rektor Bjørn Birknes.
Sjå bilete frå opninga av modellbiblioteket
Bjarte Brask Eriksen