— Vi må ikkje stella oss slik at småsjukehusa ryk!

– Nedlegging av fødeavdelingar ved lokalsjukehus fører til svekking av den samla kompetansen ved sjukehusa der dette skjer. Vi må ikkje stella oss slik at småsjukehusa i distrikta vert lagde ned. Stortinget må ta ansvar og løyva nok midlar til at vi kan o

Fylkesordføraren i Hordaland synest det vil vera ille om fødeavdelinga ved Voss sjukehus må leggjast ned slik administrasjonen i Helse Bergen føreslår.

Fylkesordførar Selsvold Nyborg trekkjer fram at det lenge har vore klårt at det rår ein alt for stor ulikskap mellom landsdelane med omsyn til ressursgrunnlaget for spesialisthelsetenesta. I stortingsmeldinga (2003) om finansiering av sjukehusa, kom det fram at den årlege løyvinga til Helse Vest må aukast med 695 mill. kr for å utlikna forskjellane i basisløyvinga mellom helseføretaka.

Regjeringa må allereie no vera offensiv i den økonomiske utjamninga av dei store påviste ulikskapane i finansieringa av sjukehusa, seier fylkesordføraren.

Ei nedlegging av fødeavdelingar er ein nedbygging av kompetanse, og vi fryktar at dette er starten på ei nedbygging av lokalsjukehusa.

Stanley Hauge

05.02.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart