Vil ta driftsansvar for bybana, men Bergen må avklåra tilskotsbehov

Hordaland fylkesutval rår samrøystes fylkestinget til å vedta at fylkeskommunen skal ha forvaltingsansvaret for kollektivtrafikken i Bergen, inkludert bybana, når den fireårige forsøksperioden er over. Alternativet er at staten permanent overfører ansvare


Eit samrøystes fylkeutval konstaterer at Bergen kommune meiner at etableringa av bybana ikkje representerer nokon risiko for at tilskotet til kollektivtrafikken i Bergen må aukast, heiter det i innstillinga til fylkestinget.

Utvalet har registrert at fleire fagmiljø som har vurdert bybaneprosjektet har peika på økonomiske risikofaktorar. Dette kan gje trong for auka tilskot til kollektivtrafikken i Bergen, heiter det vidare i innstillinga til fylkestinget. (Tilrådd med 8 (H, FrP, KrF) mot 7 (Ap, SV, RV, Sp, V) røyster.)

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å vedta at «Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar for kollektivtrafikken i Bergen, herunder bybana, må avgrensast til tilbakeført tilskot i samband med eventuell tilbakeføring av forvaltningsansvaret for kollektivtrafikken i Bergen.» (Tilrådd med 8 (H, FrP, KrF) mot 7 (Ap, SV, RV, Sp, V) røyster.)

Før saka om bybana vert lagt fram for Stortinget, må Bergen kommune klårleggja korleis eit eventuelt behov for auka tilskot til kollektivtrafikken i Bergen som fylgje av bybanedrifta skal finansierast, meiner fylkesutvalet. (Tilrådd med 8 (H, FrP, KrF) mot 7 (Ap, SV, RV, Sp, V) røyster.)

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å understreka at det er viktig at bybana vert realisert snarast råd for å dempa bilbruken, styrka kollektivtrafikken og å skapa eit betre miljø. (Tilrådd med 9 (KrF, Ap, SV, RV, Sp, V) mot 6 (H, FrP) røyster.)

Fremskrittspartiet fremja forslag som m.a. peika på ei rekkje forhold som kan gje trong for auka tilskot til kollektivtrafikken i Bergen når bybana skal setjast i drift. Forslag fekk FrP sine tre røystrer.

Stanley Hauge

09.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart