Andre viktige ting som Vestlandet har, i følgje fylkesrådmannen, er
at regionen etter norske forhold har stort folketal, to universitet, den viktigaste økonomiske høgskulen i landet, fleire betydelege forskingsinstitutt og mange høgskular.
- Den viktigaste føresetnaden for å vere ein region er likevel at Vestlandet har ein kulturell identitet og ei naturleg geografisk avgrensing, sjølv om grensene i dag ikkje eksisterer som strekar på eit kart.
Dei som bur her, bør avgjere
Fylkesrådmannen meiner at kvar strekane på kartet til sjuande og sist skal setjast, bør avgjerast av dei som bur der, og ikkje av nokon som bur andre stader i landet.
- Det er derfor både viktig og riktig at fylkestinga på Vestlandet er tydelege på kva dei meiner om saka. Kva dei meiner, vil og bli lagt merke til. Den danske regioninndelinga, som er fastsett av det politiske fleirtalet i Folketinget, har ikkje tilsvarande lagt vekt på regional identitet. I det ligg den største veikskapen til dei nye danske regionane.
Frankrike har 90 fylke og 20 regionar
I haust var fylkesrådmannen saman med Vestlandsrådet til Brüssel og til Lille i Frankrike.
- I Lille fekk vi ein gjennomgang av dei siste endringane i det lokale og regionale folkestyret i Frankrike. I dette landet er det 37.000 kommunar, 90 fylke og 20 regionar. I tillegg er det etablert kommunesamarbeid som eigne juridiske einingar og med folkevalde styringsorgan. Fylkesnivået er det same sidan 1789.
Staten vil gi makt til regionane
Om den politiske diskusjonen i Frankrike om kommunalt og regionalt styringsnivå sa fylkesrådmannen at den blir prega mykje meir av pragmatisme enn kva som er tilfelle for tilsvarande diskusjon i landet vårt.
- Ei anna litt overraskande opplysing frå Frankrike var at staten der no gjerne ville gi frå seg makt og ansvar til regionane, men at regionane helst betakka seg for å ta i mot ansvar for oppgåver utan tilstrekkeleg finansiering. Forskjellen i haldning mellom Noreg og Frankrike kan etter mitt skjønn forklarast med forskjellen på det å vere rik og fattig. Den fattige stat må skrive ut skattar og avgifter for å få reknestykket til å gå i hop eller gjennomføre upopulære kutt. Slike oppgåver kan det vere freistande å delegere til andre, men i vårt oljerike land er dette ikkje situasjonen, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen mellom anna i talen.
Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av fylkestinget i Bergen 14. desember 2004.

Bjarte Brask Eriksen