Bergen-Nordhordland Rutelag A/S og Hordaland fylkeskommune underteikna 22. desember formelt avtalen om drifta av snøggbåtruta mellom Kleppestø (Askøy) og Nøstet (Bergen). BNR har fått tildelt anbodet til å driva sambandet i ti år, fram til og med 2014. Dr
Ved underteikninga av avtalen var BNR representerte ved desse fire personane. Framme: Bjørn Atle Jordan (t.v.) og Einar Nistad. Bak: Frode Johnsen (t.v.) og Trygve Tønnesen.
Fylkesrådmann Paul M. Nilsen underteikna avtalen på vegner av fylkeskommunen, medan direktør Trygve Tønnesen skreiv under for BNR.
Det er lagt opp til ei vidareføring av dagens rutetilbod, med same opningstider og frekvens som i dag. Ruta skal følgja same takstregulativ som bussrutene i fylket, slik fylkeskommunen til ei kvar tid fastset.
Fylkestinget har vedteke å leggja snøggbåtrutene i Hordaland ut på anbod. Ruta mellom Nøstet i Bergen og Kleppestø i Askøy er den som er først ute.
Sjå bileta frå underteikninga i større format

Stanley Hauge