Dersom handsaminga av søknaden på sentralt hald viser at det ikkje er aktuelt med ein bompengeperiode utover 15 år, tilrår fylkesutvalet at det vert sett av midlar innanfor den fylkesfordelte riksvegramma med inntil 115 mill. kr i perioden 2010-2015.
Fylkesutvalet rår til at fylkeskommunen skal gje simpel garanti for lån på inntil 1300 mill. kr (2004 kr) som Hardangerbrua A/S skal ta opp til finansiering av prosjektet. Like eins at fylkestinget skal godkjenna å gjere bruk av ordninga med betinga refusjonar med inntil 100 mill. kr (2004 kr).
Fylkesutvalet tilrår å godkjenna at Hordaland fylkeskommune gjev eit tilskot på 355 mill. kr til bygging av Hardangerbrua. Summen skal finansierast av konsesjonskraftinntekter og stillast til disposisjon for prosjektet i byggetida. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg inntekter frå sal av konsesjonskraft til å dekke summen på 355 mill. kr i byggetida for prosjektet, godkjenner fylkestinget nødvendige forskotteringar.
Det er i søknaden berre lagt til grunn ferjeavviklingsmidlar for eksisterande ferjetilbod. Fylkesutvalet meiner at når ferjesambandet no er eit stamvegsamband, er det eit ferjetilbod basert på stamvegstatus som må kompenserast.
Innstillinga i fylkesutvalet er gjort med 12 mot 3 (SV, RV, V) røyster.
Mette Holmefjord Olsen (SV) sette fram slikt forslag til innstilling:
”Med det skisserte finansieringsopplegget er ikkje Hardangerbrua fullfinansiert. Kostnadsutgreiinga av februar 2004 syner ein kostnad på 1.841 mill kr inkludert tilførslevegar.
I bompengesøknaden ligg det ikkje inne synleggjering av alle kostnader til naudsynt utbygging og utbetring av tilknytningsvegar eller tilførslevegar.
Vidare har ein merknad til at ferjeavløysingsmidlar på 115 mill kr er sett klårt for høgt. Fylkestinget vil difor avvisa bompengesøknaden.”
Forslaget fekk to (SV, V) røyster.
Sunniva Schultze-Florey (RV) sette fram slikt forslag til innstilling:
1. ”Bompengesøknaden nyttar ein kunstig høg trafikkprognose for Hardangerbrua. Det synest rimeleg at Jondalstunnelen/Folgefonntunnelen – som vil utløyse ein Bergensretta trafikk på i storleiksorden 300 kjt/døgn – vil ta trafikk frå brua. Det synest også rimeleg at den verdifulle satsinga på godstransport med bil på bane også vil ta ein monaleg del av trafikken. Ingen av desse årsakene til bortfall av trafikk er det teke omsyn til i trafikkprognosen. Det vil vera trong for høgare avgift, lengre betalingstid eller tilleggsfinansiering utover det som framgår av søknaden.
2. Med den overvurderte trafikkmengda og anstrengte finansieringa er det stor risiko for at Hardangerbrua vil belaste riksvegbudsjettet i fylke med 100-200 mill kr. Dette er svært uheldig på grunn av dei store udekka behova på vegsektoren.
3. Med bruk av 355 mill kr i konsesjonskraftinntekter legg bruprosjektet beslag på mesteparten av desse inntektene i ein lang periode og hindrar annan næringsutvikling rundt i fylket.
4. Bompengesøknaden bind opp den fylkeskommunale økonomien på ein skadeleg måte og kan ikkje godkjennast.”
Forslaget fekk ei røyst (RV).
Fylkestinget handsamar saka 14.-15. desember.

Stanley Hauge