Sunnhordland satsar på E39 og E134

Dei overordna satsingsmålet i framlegget til fylkesdelplan er utbygging av Kyststamvegen E39 og Haukelivegen E134. Fylkesdelplanen er blitt til gjennom eit samarbeid mellom Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Hordaland fylkeskommune. Planen inneheld ei fr

Hordaland fylkesutval har vedteke å sende planen ut på høyring med høyringsfrist 1. mars 2005. Sjøen har vore ferdselsveg og gitt arbeid til industrien i regionen. Med Kyststamvegen og Trekantsambandet er sentrale delar av regionen knytt til eit overordna vegsystem, som gjer området betre rusta for framtidig næringsutvikling og til å utvikle ein større felles arbeids- og bustadmarknad.

Med planlagt utbygging av Kyststamvegen vil reisetida både til Bergen og Stavanger bli korta ned. Mellom alle transporttiltak skal E39 og E134 ha førsteprioritet.

Men sjøen er ein barriere for tettare samkvem mellom den tettast busette aust- og vestsida av ytre Hardangerfjorden, Sunnhordlandsbassenget. Her må snøggbåten vera transportløysinga for daglege reisebehov. Dessutan vil regionen framleis vera avhengig av gode ferjesamband.

Transportløysingane på sjøen treng betre vilkår, men her er det store utfordringar. Gode snøggbåtsamband er kostnadskrevjande, og snøggare ferjesamband krev nye ferjekaiar og moderne ferjemateriell. Samarbeidsrådet har utforma sin eigen Samferdselsplan der fleire uløyste samferdselsoppgåver vert trekte fram.

Busetnad og næringsliv er knytt til sjøen, der dei fleste tettstadene ligg. Planen tek til orde for at ein bør leggja særleg vekt på å utvikle tettstadene mot sjøen og at sentrale funksjonar, fellesområde og møteplassar i tettstadene bør få større merksemd. Sunnhordland kan bli regionen som også er kjend for dei mange kyst- og fjordlandsbyane.

Landskapet i regionen er i ferd med å gro til med skog og endrar karakter, særleg i lyngheiområda. Denne utviklinga har interesse også internasjonalt. Forvalting av kulturlandskap med tanke på ny næringsutvikling og turisme er utfordringar det bør arbeidast med.
Fylkesdelplanen inneheld eit utviklingsprogram der areal- og transporttiltak vert sett i samanheng med framlegg til desse satsingsområda:

1. Overordna satsingsområde:
• Kyststamvegen E39 og Haukelivegen E134. Gjeld også tiltak utanfor regionen.

2. Satsingsområde for berekraftig utbyggingsmønster:
• Felles ABS-region. Arbeidet består i å samarbeide om å utvikle gode arbeids-, bustad- og sentrumsområde som er knytt til ein langsiktig, robust infrastruktur og med kulturen som tilleggselement (ABSK-region). Synleggjering av regionalt særpreg og felles identitet, samarbeid om lokalisering av regionale anlegg og andre fellestiltak er viktige sider av dette samarbeidet.

• Kyst- og fjordlandsbyar. Lansere Sunnhordland som kyst- og fjordlandsbydistriktet der det er lagt vekt på å utvikle tilhøvet mellom tettstadene og sjøen. Kystbyen Stord og eit utval tettstader av ulik storleik skal føljast opp med konkrete prosjekt.

• Kyst- og fjordlandskapet. Kulturlandskapet skal vera utgangspunkt for fleire delprosjekt knytt til friluftsliv, kultur og reiseliv i samsvar med EUs landskapskonvensjon.

3. Satsingsområde for samferdsel og transport:
• Industriaksen. Industrinettverket og tettstadene på strekninga Bømlo – Stord – Kvinnherad- Odda skal knytast betre saman. Utgreiing av betre ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord er særleg viktig.

• Sunnhordlandsbassenget som transportåre. Snøggbåten skal vera ein effektiv buss på sjøen som knyter saman busetting og arbeidsplassar og regionale anlegg på begge sider.

• Gullvegen som nasjonal turistveg. Vidare arbeid med å etablere ein nasjonal turistveg på kysten i kombinasjon med lokale transportbehov.

Fleire opplysningar på nettsidene om fylkesdeplanen for Sunnhordland

10.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart