Stor søknad til skodespelarskulen i Bergen

- Eg har ein skodespelar i magen, seier Suzanne Nikolaisen som går på dramalinja ved Fyllingsdalen vidergående skole. Kvart år tek linja opp 27 elevar på grunnkurs, og mange av dei drøymer om å bli skodespelar.

- Vi er aktive og får stå på scena og spele, seier elevane Trine Nordstrøm på trommer og Suzanne Nikolaisen på kornett, instruert av lærar Ellen Williams, alle frå Fyllingsdalen videregående skole.

Musikk, dans og drama er populære fag ved skulen i Fyllingsdalen.
- Vi kunne fylt opp tre klassar til. På ventelista står 81 elevar, opplyser undervisingsinspektør 1, Thor Eirik Haugstad.
- Vi har det veldig gøy, seier lærar Ellen Williams, mens ho er i full gang med å instruere to elevar på trommer og kornett.

Mykje arbeid
- Eg går på VK1 på dramalinja og satsar på å bli ein kjent skodespelar, seier den trommespelande Trine Nordstrøm som alt har lang karriere i musikkorps bak seg.
Den kornettspelande Suzanne Nikolaisen går og på VK1 drama og likar å opptre.
- Eg har ein skodespelar i magen. Vi går på ei fin linje med snille lærarar. Vi er aktive og får stå på scena og spele. Vi er svært utadvendte og alle har godt forhold til kvarandre, men det er og mykje arbeid. Mange av oss går til og med på skulen om søndagane. Vi er perfeksjonistar, seier Suzanne.

Den mest kjende
Etter tre år ved skodespelarskulen i Fyllingsdalen ligg karrieren open.
- Vi har hatt to elevar som har gått vidare på teaterhøgskolen. Nokre reiser utanlands og satsar der, mens andre studerer teaterinstruksjon. Den mest kjende som har gått ut frå linja må vel vere Stig van Eijk som vann den norske Melodi Grand Prix-finalen for nokre år sidan, seier Haugstad.

Ønskjer større sal
Skulen har eigen teatersal med plass til 90 tilskodarar, men Haugstad ønskjer ein stor aula som kan brukast både til teatersal og til konsertar.
- Vi ønskjer oss eit tilbygg med større sal. I dag kan vi ikkje ha konsertar. I fellesskap med Bergen kommune har vi søkt om å få bygge kulturhus, seier Thor Eirik Haugstad.

Sjå bilete av elevane i aksjon

Bjarte Brask Eriksen

27.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart