
Sjå biletet i større format
Skuleutbygginga i Olsvik er det største investeringsprosjektet som Hordaland fylkeskommune har i gang. 25. november 2004 byrja gravearbeidet på tomta som ligg like ved Olsvik kirke og Grøntulien borettslag i Skjenelia. Den nye vidaregåande skulen skal stå klar til bruk hausten 2006.
Framdriftsplan
Prosjektleiar Nesbjørg seier at grunnarbeidet går greitt. Etter framdriftsplanen skal betongarbeida starta i januar. Montering av hovudberesystema, som skal vera i stål, vert gjort tidleg på våren. I slutten av mars 2005 skal montering av betongelement starta, og før ferien skal det vera tett tak på bygningane. Milepålen «tett hus» skal ein nå i månadsskiftet september-oktober neste år.
Kontraktane
11 kontraktar er inngått etter anbodsrunden i haust. Samla sum for desse kontraktane er 94,5 mill. kr. Den største kontrakten er på ca. 31 mill. kr med Skanska Norge AS. Deira oppdrag omfattar grunn- og betongarbeid, stålarbeid, betongelement og utomhusarbeid.
Den nest største kontrakten omfattar tømrararbeid, murar- og smedarbeid og det faste inventaret. Kontrakten på ca. 25 mill. kr gjekk til Fusaverksemda Leigland Bygg A/S frå Strandvik.
Dei andre ni kontraktane som er inngått, varierer frå ca. 1 mill. kr til 10 mill. kr.
Kontraktane for gartnararbeid og møblering, laust inventar og utstyr er ikkje lyste ut enno. Kostnadene med desse er stipulerte til vel 13 mill. kr i alt.
Det er sett av ca. 0,5 mill. kr til kunstnarleg utsmykking av den nye skulen.
Bygningsmasse
Tomta til skulen er på ca. 20 mål. Bruttoarealet på bygningane vert 7000 m2. Bygget er delt i fleire fløyar, med undervisningsbygg, administrasjonsbygg, kantinebygg og gymnastikksal. Skulen får to ballbaner utandørs, og det skal byggjast parkeringsplass med plass til 80 bilar og til syklar og mopedar.
Origo Arkitektgruppe AS ved Rikke Charlotte Sundt er arkitekt for Olsvik-skulen.
Basketballhall
Kroppsøvingslokala ved skulen i Olsvik vert på ca. 900 m2 og inkluderer ei basketballbane. Dei utandørs ballbanene vert liggjande tett ved gymnastikkbygget.
Skuledelen og gymnastikkdelen har separate inngangar.
Framtidsretta
Den nye skulen får eit framtidsretta tele- og dataopplegg med både trådlaust nettverk og fast uttak i kvart klasserom, og med uttak for videoprosjektor i taka. Kontor og EDB-rom får uttak til kvar arbeidsplass.
Fleksible bygningar
I planlegginga av bygningane er det lagt vekt på å ha gode vrimleareal fordelt rundt i skulen. Like eins er det lagt vekt på ha større soner utan strenge brannavgrensingar. Det siste er viktig for å ha stor fleksibilitet i høve til framtidige omdisponeringar av areal. Vi ser for oss at det kan verta aktuelt i samband med endring av studieretningar og pedagogiske opplegg, seier prosjektleiar Nesbjørg.
Finansiering
Av den justerte kostnadsramma på 131 mill. kr har fylkestinget til og med 2004 løyvd 26 mill. kr. På budsjettet for 2005 står 60 mill. kr og restløyving kjem i 2006. Til gymnastikk-delen av skulen vert det rekna med 5,5 mill. kr i tilskot frå spelemidlar til idrettsanlegg.
Byggjekostnaden pr. kvadratmeter bruttoareal vert på ca. 18 700 kr.
Arbeidsplass for 500
Olsvikåsen videregående skole er planlagt for 26 klassar med 430 elevar fordelt på dei tre studieretningane helse- og sosialfag, formgjevingsfag og allmenne, økonomiske og administrative fag. Dette tilbodet kan verta justert, i tråd med nye opplegg for dei vidaregåande skulane, innan skulen skal opnast hausten 2006.
Med 50-60 personar tilsett i stillingar ved skulen, vil ca. 500 personar få arbeidsplassen sin ved den nye skulen.
Stanley Hauge