Nyttårsmøte om Hordaland sine utfordringar

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg har invitert sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv og forsking til nyttårsmøte om kva som er dei viktigaste utfordringane for Hordaland i 2005. Møtet skal haldast i Bergen torsdag 6. januar. – Møtet

Fylkesordføraren har invitert stortingsrepresentantane frå Hordaland, ordførarane i Hordalandskommunane, byrådsleiaren i Bergen, fylkesmannen og samarbeidspartnarar innan næringsliv, forsking og utdanning m.fl. til møtet. Frå fylkeskommunen skal fylkesutvalsmedlemer delta. Møtet vert halde på Radisson SAS Hotel Norge.

Sentrale spørsmål
Føremålet er å samla sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv og forsking og utdanning til samråd om
· Kva er dei viktigaste utfordringane for Hordaland i 2005?
· Korleis kan vi i fellesskap fremja Hordaland sine interesser i 2005?
· Korleis jobbar vi saman i 2005 for å nå måla våre?

Næringslivet
Fylkesordførar Selsvold Nyborg opnar konferansen med å trekkja opp utfordringane fylket står overfor i 2005. Deretter vert det innlegg ved nestleiar i styret for NHO Hordaland, Einar Lutro. Temaet han tek opp er «Næringsutvikling og vekst i Hordaland – NHO sine forventningar til nasjonal og regional næringspolitikk».

Sett frå Stortinget
Stortingsrepresentant Oddvard Nilsen (H) tek for seg «Hordaland – sett frå Stortinget».

… Hordaland i 2025…
«Det vi gjer i 2005 er med og bestemmer korleis barnebarna våre får det i Hordaland i 2025…!» er temaet for Ole Berrefjord, Berrefjord og Thomassen as, sitt innlegg. Stikkord for føredraget hans er: Utfordringar, potensial og aksjonisme – med direkte referanse til utkastet til Fylkesplan for Hordaland 2005-2008.

«Kunnskap skal styra….»
Prorektor Rune Nilsen, Universitet i Bergen, skal halda innlegg om kompetanse, utdanning og forsking.

I Fylkesplanen for Hordaland 2001-2004, heiter det: «Hordaland skal vere eit leiande og profilert kunnskapsfylke med utdannings-, forskings- og næringsmiljø som har eit høgt fagleg nivå etter nasjonale og internasjonale standardar. Fylket skal vere prega av nyskaping og framtidsretta næringsutvikling med aktivt samspel mellom utdannings- og forskingsmiljøa, næringslivet og offentleg sektor.»

Prorektor Nilsen har fått i oppdrag å svara på spørsmål som desse:
- Er det slik vi har det i Hordaland? Tar vi kunnskapen i bruk?
- Kva må til for at vi verkeleg skal utnytte våre fortrinn innan utdanning og forsking, og la det kome heile fylket til nytte?

Diskusjon
Samlinga vert avslutta med diskusjon på bakgrunn av Berrefjord og Nilsen sine føredrag.

Program for nyttårsmøtet

Stanley Hauge

31.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart