Nytt sekretariat for fylkeskommunen sitt kontrollutval

I samband med nye krav i kommunelova har Hordaland fylkeskommune oppretta eit eige sekretariat for kontrollutvalet. Sekretariatet får i denne omgang to tilsette og overtek frå 1. januar 2005 sekretariatsoppgåvene som fylkesrevisjonen har hatt for utvalet.

Personalet
Hogne Haktorsen (t.v. på biletet) er tilsett som leiar av sekretariatet og som medarbeidar får han Roald Breistein som konsulent. Haktorsen kjem frå stillinga som rådmann i Modalen kommune, ei stilling han har hatt i om lag ti år. Breistein har dei par siste åra drive eiga konsulentverksemd, og før det hadde han nær 30 års fartstid i Postverket.
Sekretariatet får kontorplass i 3. etasje i Fylkeshuset i Bergen.

Nye reglar
Stortinget har vedteke endringar i reglane for kontrollutval og revisjon. I den nye ordninga er revisjonen si sjølvstendige stilling lagt sterkt vekt på. Ei vesentleg endring er kravet om eige sekretariat for kontrollutvalet. I fylkeskommunen har ordninga til no vore at fylkesrevisjonen har vore både sekretariat og utførande revisor for kontrollutvalet.
Etter lovendringa står fylke og kommunar svært fritt til å velja korleis dei vil organisera revisjonstenestene. Døme på ulike måtar er: ved eigen tilsett revisjon, ved interkommunalt samarbeid og ved kjøp av tenester frå private revisorar.

Lite sekretariat

– Vi har ein velfungerande fylkesrevisjon i Hordaland. Fylkestinget vedtok i juni at vi ikkje skal konkurranseutsetja revisjonen, men let fylkesrevisjonen vera totalleverandør av revisjonstenester. Dette valet har vore avgjerande for korleis vi skal organisera sekretariatet, seier leiar for kontrollutvalet, Terje Hermansen.
– Med vårt opplegg skal fylkesrevisjonen stå for førebuing og innhenting av anbod når vi skal kjøpa tenester eksternt. Det vil seia at sekretariatet ikkje treng ha anbodskompetanse, seier Hermansen.
Sekretariatet får i denne omgang to stillingar, leiar og konsulent. – Dette vil gje oss kapasitet som vi reknar med er større enn det kontrollutvalet vårt treng no. Men vi vurderte det slik at to stillingar må vera eit minimum for at vi ikkje skal vera for sårbare, seier Hermansen.

Sekretariat også for kommunar
For å utnytta kapasiteten har kontrollutvalet sendt tilbod til kommunane i fylket om kjøp av sekretariattenester.
– Korleis er interesse frå kommunane si side?
– To kommunar har vedteke å nytta seg av tilbodet frå fylkeskommunen, men kontraktane er ikkje underteikna enno. Fleire kommunar har meldt interesse for å kjøpa tenester, seier leiaren i kontrollutvalet.

Planstyrt revisjon
Terje Hermansen trekkjer fram at kontrollutvalet med lovendringa har fått eit klart ansvar for å utarbeida ein plan for forvaltningsrevisjonen.
– Minst ein gong i valperioden skal kontrollutvalet utarbeida ein plan for gjennomføring av forvaltningsrevisjon. Når fylkestinget har vedteke planen, vert det også utvalet si oppgåve å sjå til at planen vert gjennomført og eventuelt justert i perioden, seier Terje Hermansen.
– Vi skal utarbeida ein plan der vi kartlegg behovet for forvaltingsrevisjon av sektorane og verksemdene til fylkeskommunen. Fylkestinget vil få til ei behandling ei sak om dette så tidleg som råd i 2005, seier kontrollutvalsleiaren.

Stanley Hauge

30.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart