Norges forskningsråd satsar på Hordaland

Norges forskningsråd blir no ein viktigare partnar i arbeidet med regional utvikling i Hordaland. Ein eigen avtale mellom forskningsrådet og fylkeskommunen skal sikre systematisk samarbeid for å fremje innovasjon og verdiskaping i Hordaland.


Samarbeidet vil særleg få betydning for fylkeskommunen sitt arbeid med Regionalt utviklingsprogram for Hordaland ved at forskningsrådet sine verkemiddel skal brukast i gjennomføringa av programmet. Forskningsrådet får også plass i Regional Næringsforum - der dei sentrale aktørane innan næringsutvikling i fylket deltar.

Norges forskningsråd er no representert med ein eigen medarbeidar i Hordaland – spesialrådgjevar Atle Markussen, som har kontor saman med Innovasjon Norge.

Ambisjonen er også at Hordaland skal få større nytte av næringsretta forskingsprogram, og at bedrifter i Hordaland blir endå meir aktive til å ta i bruk relevante forskingsresultat og delta i ulike utviklingsprogram. Avtalen opnar vidare for at fylkeskommunen kan leggje inn eigne midlar i nye næringsretta forskingsprogram for dermed å gi desse ein særleg profil retta mot behov og moglegheiter i dette fylket.

– Norges forskningsråd har ressursar og kompetanse som vil vere til stor nytte i arbeidet vårt med regional utvikling. Derfor er dette ein viktig avtale for Hordaland, seier strategi- og utviklingsdirektør Jan Per Styve i fylkeskommunen.

Ut frå erfaringane med samarbeidet skal det seinare vurderast om det kan vere aktuelt å desentralisere enkelte av forskningsrådet sine næringsretta verkemiddel til fylkesnivået.

Stanley Hauge

17.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart