Grantreet som vart felt på Søfteland 8. november, er no eit skinande juletre i Edinburgh. Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen stod for den formelle «overrekkinga» av treet ved opninga av den store julefestival i byen torsdag 25. november. I følgje «Eve

Åtte år gamle Claire Stables som vann tur til Hordaland for å vera med på å ta ut treet, deltok under tenninga. Juletreet lyser opp byen der det står på the Mound like ved Edinburgh Castle. Treet er lett synleg frå store deler av sentrumsområdet ved Princes Street. På programmet ved tenninga stod også musikkinnslag med Edinburgh Royal Choral Union og Edinburgh City Salvation Band.
Flott adventskonsert
Den skotsk-norske adventskonserten i St. Giles Cathedral har vorte ein årleg tradisjon på opningsdagen for julefestivalen. I år var det sjuande gongen denne konserten vart skipa til. Det vart ein flott konsert i ei velfylt kyrkje.
Leiar for internasjonalt arbeidslag i Hordaland fylkeskommune, Svein Schrøder Amundsen, leia på ny konserten på ein flott måte. Musikkinnslaga frå Hordaland var det i år Hilde og Hanne Hasselberg (song), Frank Rolland (hardingfele) og Espen Selsvik (lur, horn m.m.) som stod for. Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen las frå Bibelen saman med ordføraren i Edinburgh, Lord Provost Lesley Hines.
Reiseliv og landbruk
Ved julemarknaden i Princes Street Gardens var det ei Hordalandsbod der landbruksprodukt og reiselivet frå fylket vårt vart marknadsført. Like eins vart det i det norske konsulatet i Edinburgh halde eit seminar med presentasjon av reiselivs- og landbruksprodukt frå Hordaland.
Reiselivspresentasjonen var det Hordaland reiseliv som organiserte, medan Fylkesmannen si landbruksavdeling hadde ansvaret for landbruksdelen. Det vart godt frammøte på seminaret.
Stanley Hauge