Fylkestinget støttar Distriktskommisjonen si tilråding om omfattande desentralisering og samordning av verkemiddel i distrikts- og regionalpolitikken til eit regionalt folkevald nivå. Sterke og sjølvstendige regionar må ha mynde til å føreta ei reell samordning av politikken på område som er viktige for regional utvikling. Dette vil bidra til å skape vekst og utvikling og til å utløyse meir av verdiskapingspotensialet i alle delar av landet, heiter det fylkestinget sitt vedtak.
Fylkestinget sluttar seg i hovudsak til Distriktskommisjonen sitt framlegg om kva for oppgåver som bør leggjast til det nye folkevalde regionale nivået.
Distriktskommisjonen meiner regionane bør ha eit heilskapleg ansvar for regional utvikling og ta over viktige oppgåver innan infrastruktur og samferdsel, utdanning og forsking, næringsutvikling, kultur og idrett, kommuneoverskridande areal- og ressursforvalting, visse oppgåver innan helse samt verkemiddel innan viktige distriktsnæringar.
Fylkestinget meiner det er viktig at spørsmålet om utforming av det framtidige folkevalde regionale nivået blir avklart snarast råd, og rår til at ein ikkje avventar den planlagde evalueringa av fylkeskommunen i 2007.
Vedtaket i fylkestinget er gjort med 33 (13 Ap, 5 SV, 4 Sp, 2 V, 4 KrF, 4 H, 1 Pensj.) mot 23 (13 Frp, 4 H, 1 SV, 2 RV) røyster.
Mette Holmefjord Olsen (SV) føreslo at regionalt folkevald nivå også skal ha ansvar for spesialisthelstenesta. Forslaget fekk 14 røyster (SV, RV, V og Sp) og fall.
Roald Stenseide (FrP) fremja forslag om at fylkesutvalet skulle tilrå at det berre skal vera to forvaltningsnivå i Noreg i framtida slik mindretalet i Distriktskommisjonen går inn for. Forslaget fekk 20 (13 Frp, 7 H) røyster og fall.
Stanley Hauge