Hordaland ynskjer Vestlandsregion

Eit sterkt regionalt nivå med ansvar for breie samfunnsoppgåver, krev større regionar enn i dag. Hordaland fylkeskommune støtter framlegget i hovudmodellen med ein felles Vestlandsregion som er føreslegen i Kommunenes sentralforbund si utgreiing KOU 20


Vestlandet har ei rekkje felles utfordringar, spesielt innan næringsutvikling og samferdsel. Landsdelen har også langt på veg ein felles identitet. Ein slik region vil vere sterk nok til å ta på seg viktige samfunnsoppgåver, heiter det i fråsegna frå Hordaland fylkesting.
Vedtaket vart gjort med 34 (13 Ap, 6 SV, 4 Sp, 2 V, 4 KrF, 4 H, 1 Pensj.) mot 22 (15 Frp, 2 RV, 7 H) røyster.
Eit mindretal på 20 (13 FrP, 7 H) gjekk inn for forslag frå Fremskrittspartiet om at det i framtida skal vera to forvaltingsnivå i Noreg.

Fylketinget meiner at dei framtidige regionane bør vere om lag jamstore. Dette tilseier at Austlandet bør verta delt inn i to eller tre regionar. Om Møre og Romsdal heilt eller delvis skal høyre til Vestlandsregionen eller Trøndelagsregionene, må det først og fremst vere opp til Møre og Romsdal å avgjere. (Vedteke med 30 mot 26 (H, Frp, RV) røyster.)

I hovudframlegget i KOU 2004:1 blir Noreg delt inn i 7 regionar. Vestlandet blir etter denne inndelinga fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og regionane på Sunnmøre. Dei andre regionane er Østviken (Oslo, Østfold og mesteparten av Akershus), Vestviken (Telemark, Vestfold og Buskerud), Innlandet (hovudsakleg Oppland og Hedmark). Vidare Sørlandet (Agder-fylka), Trøndelag (Nord- og Sør-Trøndelag og Nordmøre) og Nord-Norge (dei tre nordlegaste fylka).

Stanley Hauge

16.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart