Fylkestinget sluttar seg til at Hordaland saman med dei andre fylkeskommunane i Vestlandsrådet arbeider ut eit framlegg til innhald for eit eventuelt nytt folkevald nivå på Vestlandet. Framlegget må klargjere fordelar og ulemper med ein eventuell region samanlikna med eit tett og forpliktande samarbeid mellom dei noverande fylkeskommunane på Vestlandet. Eit eventuelt nytt regionalt nivå er føresett å erstatte dagens fylkeskommunar.
Premissar for utgreiinga
Fylkestinget har vedteke følgjande premissar som grunnlag for utgreiinga:
«Nærleiksprinsippet skal liggje til grunn for oppgåveløysing og for forvalting av lokale verdiar. Det skal takast høgde for lokale forskjellar mellom dei ulike delane av Vestlandet.
Utgreiinga skal ta utgangspunkt i at det blir etablert eit desentralisert styringssystem for ein eventuell Vestlandsregion, og skal innehalde framlegg til politiske og administrative organ .
Utgreiinga må sjå på tilhøvet til og samhandlinga med kommunane og andre sentrale utviklingsaktørar som næringsliv, kompetansemiljø og offentlege aktørar.»
Dialog med andre
I samband med utgreiingsarbeidet må det leggjast til rette for ein god dialog med kommunar, næringsliv, kompetansemiljø og andre sentrale utviklingsaktørar, meiner fylkestinget.
Vestlandsrådet skal vera styringsgruppe for arbeidet.
Utgreiinga skal sendast ut på høyring i juni 2005 av Vestlandsrådet etter handsaming i fylkestinga. Slutthandsaming av utgreiinga skal skje i desember 2005.
Vestlandsrådet får fullmakt til å vedta endeleg prosjektplan med utgangspunkt i fylkestinga sine vedtak, heiter det i Hordaland fylkesting sitt vedtak. I eit eige punkt heiter det at dei tilsette sine organisasjonar må bli tekne med på råd i heile prosessen.
Fremskrittspartiet
Roald Steinseide (Frp) fremja forslag om at inntil fylkeskommunane er endeleg evaluert i 2007 ynskjer Hordaland fylkesting å byggja vidare på eit tett og forpliktande samarbeid med dei andre fylka på Vestlandet. Hordaland fylkesting ynskjer ikkje ei utgreiing av eit evt. nytt folkevald nivå på Vestlandet. Ein finn det ikkje forsvarleg å nytta omfattande økonomiske og personellmessige ressursar på ei detaljert utgreiing av ein ny Vestlandsregion før overordna forvaltningsorganisering er endeleg fastsett av Stortinget. Forslaget fekk 13 røyster (FrP) og fall.
Venstre-forslag
Harald Hove (V) føreslo at utgreiinga skal vurdera moglege føremoner og ulemper med ei inndeling av Vestlandet som ikkje fullt ut følgjer dagens fylkesgrenser. Forslaget fekk 18 røyster (V, H, Krf, Pensj.) og fall.
Venstre føreslo også å bruka lenger tid på utgreiing og handsaminga av saka, og at slutthandsaming av utgreiinga skal skje i juni 2006. Forslaget fekk fire røyster (V, RV) og fall.
Stanley Hauge