Fylkesutvalet set ned ad hoc utval til å vurdera «bompengerevisjon»

Hordaland fylkesutval har samrøystes vedteke å setja ned eit ad hoc utval til å gå inn i saka knytt til Statens vegvesen sin revisjon av ulike bompengeselskap. Fylkeskommunen er deleigar i alle selskapa som er reviderte i Hordaland. Ad hoc-utvalet skal vu


Utvalet skal fremja innstilling snarast, og seinast til fylkesutvalet sitt første ordinære møte i januar 2005 (27. januar).
Fylkesutvalet har nemnt opp desse medlemmene i ad hoc utvalet: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) – leiar, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H), Terje Søviknes (FrP), Gisle Handeland (Ap) og Harald Hove (V).

Terje Søviknes (FrP) fremja på vegner av Frp, H og KrF eitt forslag til vedtak og Gisle Handeland (Ap) fremja eitt forslag frå Arbeiderpartiet. Desse forslaga vart arbeidde saman til eit felles forslag som heile fylkesutvalet slutta seg til:

Forslaget som vart samrøytes vedteke lyder:
«Fylkesutvalet syner til Statens vegvesen sin revisjon av ulike bomselskap, herunder Sunnhordland bru- og tunnelselskap AS, Osterøy bruselskap AS, Askøybrua As og Bru- og tunnelselskapet AS.

Fylkesutvalet understrekar den svært viktige samfunnsrolla bompengeselskapa har og dei særlege krava til tillit ei slik rolle inneber.

Fylkesutvalet er innforstått med den klårt definerte rolla styret og generalforsamlinga i selskapa har etter lova, men vil for eigen del gjera det som kan og bør gjerast for at selskapa skal fungera godt og ha den tillit som er nødvendig.

Med grunnlag i at Hordaland fylkeskommune er deleigar i alle desse selskapa set fylkesutvalet ned eit Adhoc-utval som får i mandat å gå nærare inn i saka.

Utvalet skal vurdera heile sakskomplekset, inkludert styringsrelasjonar og informasjonsflyt, og leggja fram tilråding til korleis Hordaland fylkeskommune som eigar skal forholda seg til saka. Om naudsynt kan utvalet nytta ekstern rådgjeving og/eller sekretærhjelp.

Innstilling skal fremjast for fylkesutvalet snarast råd, og seinast til første ordinære møte i januar 2005.

Medlemmer i utvalet vert:
1. Torill Selsvold Nyborg (KrF)
2. Tom-Christer Nilsen (H)
3. Terje Søviknes (FrP)
4. Gisle Handeland (Ap)
5. Harald Hove (V).»

Stanley Hauge

09.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart