Fylkeskommunalt utviklingsstipend til 4 idrettstalent

Symjaren Mariann Vestbøstad, padlaren Øyvind Sølberg, fotballspelaren Madeleine Giske og handballspelaren Catharina Furnes er tildelt Hordaland fylkeskommune sine utviklingsstipend i idrett for 2004. Kvart stipend er på kr 25 000.

Hordaland fylkeskommunes utviklingsstipend, kvart på 25.000 kroner gjekk til Mariann Vestbøstad (f.v.), Øyvind Sølberg, Madeleine Giske (representert ved dagleg leiar i Hordaland fotballkrets, Roald Bruun-Hanssen) og Catharina Furnes.

Sjå biletet i større format

Utdelinga vart gjort under Kultur- og ressursutvalet sitt møte i på Idrettens Hus, Brann Stadion onsdag 1. desember av leiar for utvalet, Georg Indrevik.

Utviklingsstipenda
Fylkeskommunen sine utviklingsstipend innan idrett kan tildelast einskildutøvarar og trenarar. Ein person kan berre motta slikt stipend ein gong.
Målet med stipenda er å gje mottakarane stimulans og høve til vidareutvikling i si idrettsgrein. Ved tildelinga av stipend vert det lagt vekt på: idrettsprestasjonar, potensial og planar for vidare satsing innan idretten.
Tildelinga skjer etter innstilling frå Hordaland idrettskrets. Vedtak om kven som skal tildelast stipend, vert gjort av Komiteen for kultur og helse.
Frå idrettskrinsen låg det i år føre framlegg på 28 kandidatar frå 16 særkrinsar.

Utøvarane
Kort om dei einskilde utøvarane som er heidra:

Mariann Vestbøstad (20 år), symjar frå Vestkantsvømmerne. Fekk 4. plass på 100 m rygg under paralympiske leikar i Athen 2004. Sette ny norsk rekord.

Øyvind Sølberg (17 år), padlar for Laksevåg. NM-gull på samtlege distansar både i 2003 og 2004. 7 gull av 8 moglege i Nordisk 2003. Kom til finalen på 1000 m i jr. VM. VM gull på K2 maraton i Bergen 2004.

Madeleine Giske (17 år), Spelar i toppserien i fotball for Sandviken. Årets talent i Hordaland Fotballkrets i 2003. Vart kåra til årets unge spelar i toppserien av alle spelarane, trenarane og leiarane i 2004. Spelte alle landskampane på J 17 og J 19 i år.

Catharina Furnes (19 år), handballspelar i Tertnes. Har spelt 33 landskampar for juniorlandslaget. Laget fekk sølv i EM i 2004.

Stanley Hauge

01.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart