Hordaland fylkesting vedtok i møte 15. desember slik samrøystes fråsegn til Samferdselsministeren: «Fylkestinget ber Regjeringa ved bruk av avbøtande tiltak, straks å sørgja for at sambandet mellom Aust- og Vestlandet E134 over Haukeli vert halde ope for
Hordaland fylkesting er uroa over trafikkfarlege situasjonar som ein konsekvens av for låge tunnelar.
Lange omkøyringsvegar som følgje av for låge tunnelar på E134 er konkurransevridande for næringsliv og transportørar som har denne traseen som sitt naturlege val. Fylkestinget kan ikkje godta dette.
Hordaland fylkesting er glad for at vegkontoret no syner vilje til å finna løysing og utbetringstiltak knytt til E134. Gjennomføringa av desse tiltaka vil ta litt tid og fylkestinget oppmodar vegkontoret til å finna praktiske løysingar inntil tiltaka er sette i verk for å unngå konkurransevriding for næringslivet.»
Saka vart teken opp i fylkestinget av Gustav Bahus (FrP) og Bente Bondhus (SP). Forslaga frå dei to representantane vart samarbeidde til fråsegna fylkestinget slutta samla opp om.
Stanley Hauge