Tema på konferansen var framtidas inndeling av forvaltingsnivåa og kva oppgåver kommunar og region skal ta seg av. Fleire viktige utgreiingar som nyleg er komne om dette temaet, er no i høyringsfasen. Møtet i Bergen vart halde for å utveksla synspunkt i forkant av desse høyringane.
Utgreiingar
Utgreiingane som kommunane og fylkeskommunen skal gje fråsegn til, er
KOU 2004:1 Sterke regioner – Forslag til ny regioninndeling av Norge.
NOU 2004:19 Livskraftige distrikter og regioner – Rammer for en helhetlig og geografisk tilpasset politikk (Distriktskommisjonen)
I tillegg er KS i gang med prosjektet Framtidas kommunestruktur, som også er ut til drøfting og høyring. Og på fylkestinget i desember skal fylkeskommunen drøfta sak med innspel til Vestlandsrådet om utgreiing av nytt regionalt nivå.
Desse prosessane grip inn i kvarandre, og handlar om fylkes- og kommunestruktur, oppgåvefordeling og verkemiddel i regional- og distriktspolitikken.
Bergen skeptisk
Sentraliseringa i Noreg er eit problem, men spørsmålet er om ein sterk Vestlandsregion med eige folkevalt organ er svaret på det vi treng, sa byråd Henning Warloe frå Bergen som tydeleg gav uttrykk for at han var skeptisk til å erstatta fylkeskommunen med eit nytt regionalt nivå. Men han la heller ikkje skjul på at det innan byrådet er delte meiningar om ny regioninndeling.
Warloe sa at han såg det som utelukka å overlata ansvar for kollektivtrafikken til ein Vestlandsregion. Vidaregåande skular bør vera kommunale, og Bergen vil også ha hand om næringsutvikling, idrett og kultur.
I oppsummeringa si gav fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg eit klart tilsvar til Warloe: — Sjølv om fylkeskommunen ligg for døden, kan ikkje Bergen kommune fritt forsyna seg av buet.
Oppslutnad om fylkeskommune og region
Vel 50 representantar for 17 kommunar, tre regionråd og frå fylkeskommunen deltok på konferansen som vart halden på Hotell Terminus i Bergen. Av dei var det berre Warloe som var direkte skeptisk til å erstatta fylkeskommunen med eit nytt regionalt nivå.
Høgre-ordførar Håkon Matre i Masfjorden, som var ein av innleiarane til debatten, meinte at vi skal ha eit tredelt forvaltingsnivå i framtida også. Men han såg føre seg større kommunar og at regionar erstattar dei 19 fylkeskommunane.
Ordførar Bjørn Christensen (Arbeiderpartiet) frå Voss var like klar. Vi må ha tre nivå og vi bør han ein Vestlandsregion. Ei framtid med to forvaltingsnivå såg han som farleg. «Då vil Oslo herska med oss verre enn nokon gong,» sa Christensen.
Vestlandsvisjon
Sparebanken Vest har med utgreiingar og konferansar vore ein viktig aktør i debatten om ein samla Vestlandsregion. På konferansen heldt styreformann Pål W. Lorentzen innlegg om «Kva skal til for å styrkja næringslivet på Vestlandet?»
Visjon er: ”Vestlandet skal i 2015 fremstå som den mest konkurransedyktige regionen i global sammenheng innenfor områdene energi/maritim virksomhet/sjømat og samtidig bygge ut infrastruktur og kunnskaps-forskningsmiljøer som gjør dette mulig. Reiselivet skal befeste og utvikle landsdelens posisjon som et av verdens mest attraktive reisemål.”
Virkemidlene for dette ligger i stor grad innenfor områdene kapital, kompetanse og kommunikasjoner
Konklusjon hans var:
Vestlandsregionen må utnytta synergiane ved ei betre samordning av kompetansebase, kapital og dei naturgjevne rammevilkåra
Vestlandet er avhengig av konkurranseutsette næringar som igjen er avhengige av gode rammevilkår, tilpassa den internasjonale utviklinga
Vestlandsregionen har ein topografi som gjer gode kommunikasjonar særleg viktig
Drøftingsnotatet Eit nytt regionalt nivå - Og kva med kommunane?
Foilane til ordførar Håkon Matre (pdf-fil)
Foilane til styreformann Paul W. Lorentzen i Sparebanken Vest (pdf-fil)

Stanley Hauge