Auka underskotsdekking, meir til skule, ungdomstiltak og fylkesvegar

Hordaland fylkesting har vedteke å nytta dei 17,2 mill. kr som fylkeskommunen får i auka inntekter i 2005 som følgje av budsjettforliket i Stortinget til auka underskotsdekking og til styrking av ei rekkje budsjettpostar, hovudsakleg til ungdomstiltak og


Inkludert 0,7 mill. kr frå tilleggsløyvingskontoen, er 17,9 mill. kr vedteke brukt slik:
auka underskotsdekking 9,55 mill. kr
fylkesvegvedlikehald 2,0 mill. kr
ungdomstiltak
læretimar vidaregåande skular 3,5 mill. kr
ungt entreprenørskap 0,5 mill. kr
ungdomskort, redusert pris inntil 10 % 1,5 mill. kr
«heim for ein femtilapp», forsøk 0,2 mill. kr
tilskot Hordaland barne- og ungdomsråd 0,25 mill. kr
auke kulturbudsjettet 0,25 mill. kr
Odda næringshage 0,15 mill. kr

I høve til innstillinga frå fylkesutvalet er det plussa på 1,5 mill. kr i auke til lærartimar, slik at auken i høve til fylkesrådmannen sitt budsjettutkast på dette punktet er på 3,5 mill. kr. Denne siste påplussinga er midlar som er løyvd til landslinjer under Stortinget si handsaming av statsbudsjettet.

Endringsforslaga som vart vedtekne var sette fram i fellesforslag frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti. Vedtaket vart gjort med 32 (H, KrF, FrP, Pensj., V) mot 25 (Ap, SV, RV, Sp) røyster. Venstre røysta primært for sitt eige forslag, men støtta subsidiert fellesforslaget frå H, KrF og FrP.
Dei andre partia i fylkestinget fremja eigne forslag, som kvar fekk forslagsstillarane sine røyster.

Vil trekkja KS-utmelding
På vilkår av at Kommunenes sentralforbund (KS) opprettar ei eiga avdeling med fokus på fylkeskommunen/det regionale leddet og på bakgrunn av kontingentreduksjonen på 1 mill.kr, har fylkestinget vedteke å trekkja utmeldinga av KS.

Auka underskotsdekking
I budsjettvedtaket heiter det at Hordaland fylkeskommune no har sjansen til å nedbetala gamle underskot og auka handlefridomen. Dette vil på sikt gi høve til å styrkja satsinga på kjerneområda. Målsetning å fjerne dei oppsamla underskota i 2005. Ved å auka underskotsdekkinga med 9,55 mill. kr i 2005, vil ca. 53,6 mill. kr av opparbeidde underskot verta dekka neste år. Saman med den vedtekne dekkinga på 33,5 mill. kr i 2004-budsjettet, vil heile det oppsamla underskotet (87 mill. kr) vera dekka i 2005.

I vedtaket understrekar fylkesting at det framleis er nødvendig å ha stø økonomisk styring for å sikra handlefridomen som fylkeskommunen no er i ferd med å skaffa seg.

Miljø og næring
I samband med momskompensasjonsoppgjeret som er varsla i revidert nasjonalbudsjett, ønskjer fylkestinget å bruka delar av dei evt. auka midlane som her vert tilgjengeleg til å styrkja regional utvikling, spesielt med tanke på prosjekt innan miljø og næring, heiter det i budsjettinnstillinga.
I denne omgang er det vedteke å tildela 150 000 kr i eingongstilskot til Odda næringshage.

Ungt entreprenørskap
Fylkestinget ønskjer å stimulera arbeidet i den vidaregåande skulen med rolla som regional utviklar. Fylkestinget vil derfor styrkja skulen sitt arbeid med dette i partnarskap med lokalt og regionalt næringsliv, og aktuelle offentlege og private institusjonar.
Fylkestinget løyvde 0,5 mill. kr til ungt entreprenørskap/regional utvikling.

Fylkesvegvedlikehaldet
Fylkesvegvedlikehaldet har i mange år ikkje vore tilstrekkeleg til å oppretthalda standarden på vegane. Vedlikehaldet vert styrka, og det er ei målsetjing å trappa opp fylkesvegvedlikehaldet. I denne omgang er det vedteke ei styrking på 2 mill. kr i 2005.

Kollektivtrafikken
Styrking av kollektivtrafikken legg fylkestinget opp til skal skje m.a. ved å etablera gode kollektivvanar hjå ungdomen. Det er sett av 1,5 mill. kr til å redusera prisen på ungdomskortet i tillegg til at kortordninga er utvida til å omfatta reiser med ferjer, båtar og kystbussen. Det er løyvd 200 000 kr til eit prøveprosjekt med ordninga «heim for ein 50-lapp».

Kultur
Fylkestinget har signalisert ei målretting av kulturmidlane mot ungdom, og støttebeløpet til frivillige ungdomsorganisasjonar gjennom Hordaland Barne- og ungdomsråd vert auka med 0,25 mill. kr. Kulturbudsjettet er også vedteke auka med 0,25 mill . kr for tildeling gjennom tilskotspostane utvalet disponerer. Særleg vert kultur/næring som ei framtidsretta og sterkt veksande næringsgrein trekt fram.

Andre enkeltpunkt
Fylkestinget ber om at det vert innhenta informasjon om korleis transportordninga for funksjonshemma (TT) fungerer i andre fylke, og at det deretter vert fremja ei sak om organisering av tenesta. Like eins ber fylkestinget om ei sak med vurdering av transportkostnadene for uføre i arbeidsmarknadsbedrifter, der ein ser på utsiktene for å betra situasjonen for desse.

Det er vedteke at Hordaland fylkeskommune skal melda seg ut av hamnesamarbeidet Westlink.

Fylkestinget ønskjer å fokusera på Vestlandet som merkevare, og vil sjå på utsikter og vilkår for å utvikla dette.

Andre forslag
Arbeiderpartiet, Sosialistisk venstreparti, Venstre, Senterpartiet og Raud Vallalianse fremja alle eigne forslag til endringar i budsjettet i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. Desse forslaga vart det røysta over «pakkevis» og forslaga fekk i hovudsak røystene til forslagsstillarane. På nokre enkeltpunkt fekk forslaga tilslutnad frå fleire parti.
På ein del punkt inneheld desse forslaga påplussingar som heilt eller delvis fell saman med det som er tilrådd av fleirtalet. M.a. føreslår alle tiltaket «Heim for ein 50-lapp», men med noko ulik sum.

Ap forslag
Arbeiderpartiet føreslo endringar på 20,7 mill. kr i høve til budsjettforslaget frå fylkesrådmannen. Summen er finansiert med at ein nyttar dei 15,7 mill.kr som budsjettforliket i Stortinget gjev Hordaland fylkeskommune i auka inntekter i 2005, og 5 mill. kr i innsparing ved at ordninga med fritt skuleval ikkje vert sett i verk og ein dermed ikkje påfører ekstra reisekostnader. Partiet føreslo å auka løyvinga til dei vidaregåande skulane med 10 mill. kr. Ap vil ikkje ha samordning av skulereisekort og ungdomskort, og la inn 2,5 mill. kr for å vidareføra dagens ordning. Vidare la partiet inn 3 mill. kr meir til fylkesvegvedlikehand, 1,15 mill. kr meir til næringsretta tiltak (næringsparkar, rugekasser osb), 1 mill. kr meir til kultur og idrett og 0,5 mill. kr meir til funksjonshemma sine organisasjonar. Andre føreslegne påplussingar er 0,25 mill. kr til Espeværruta, 0,5 mill. kr til honnørrabatt på periodekort for kollektivreisande, 0,5 mill. kr til «Heim for ein 50-lapp», 0,7 mill. kr meir til barne- og ungdomsorganisasjonar og 100 000 kr til Raftohuset.

Forslaget fekk Arbeiderpartiet sine 13 røyster. Arbeiderpartiet fekk 28 røyster (mot 29) for punktet «Fylkestinget vil betra rutetilbodet til Espevær med ein ekstra avgang i døgnet.». Dei som støtta Ap sitt forslag var Ap, SV, RV, V, Sp og Pensj.

SV forslag
Sosialistisk Venstreparti føreslo endringar på ca. 47 mill. kr.
SV føreslo m.a. 4,6 mill. kr meir til kultur og idrett, 19,4 mill. kr meir til vidaregåande opplæring, 1 mill. kr meir til tannhelsetenesta, 12,2 mill. kr meir til samferdsel, 8,5 mill. kr meir til næringsføremål, og 0,9 mill. kr meir til miljø- og naturføremål.
Den føreslegne auken til vidaregåande opplæring fordeler seg med 12 mill. kr til skulane, 1,4 mill. kr til skulebibliotek, 1 mill. kr til undervisningsutstyr, 1 mill. kr til Manger folkehøgskule og 4 mill. kr til vaksenopplæring. Innan samferdsel føreslo SV 3,9 mill. kr meir til fylkesvegar, 2 mill. kr meir til ferjedrift, 2 mill. kr meir til bilruter, 1,3 mill. kr meir i auka tilskot til båtrute til Espevær, 2 mill kr til aksjon skuleveg og 0,5 mill. kr til «Heim for ein 50-lapp».
Innan næringsføremål vil SV nytta 6 mill. kr til påfyll av næringsfond i Hardanger, auka rådveldesummen til næringsføremål med 2 mill. kr og løyva 250 000 kr til Folgefonna næringshage.
Innan kultur og idrett vil SV bruka 2 mill. kr til innføring av kulturkort for ungdom, 1 mill. kr meir i tilskot til barne- og ungdomsarbeid, 0,5 mill. kr meir til fylkesbibliotek, 0,5 mill. kr i auka tilskot til vaksenopplæringstiltak, 0,5 mill. kr meir til idrettsarbeid og 100 000 kr til fleirkulturell formidling.
SV føreslår å kutta overføringa på 15 mill. kr til Hardangerbrua og kutta løyvinga til Hordaland olje og gass (1,1 mill. kr). SV vil også kutta 8 mill. kr i lønsavsetjingane, 4 mill. kr i underskotsdekkinga, redusera låneavdraga med 2 mill. kr, kutta 1 mill. kr i løyvinga til sentralarkivet og 300 000 kr i Europakontoret fylkesadministrasjonen. Til dekking av dei auka løyvingane nyttar SV også dei 15,7 mill. kr frå budsjettforliket i Stortinget.
SV hadde også ei rekkje verbalpunkt i forslaget sitt, m.a. vil SV utvida ungdomskortet til å gjelda alle ungdomar i arbeidet 16-23 år og å starta aksjon skuleveg med ny styrke.
På investeringsbudsjettet for 2005 ville SV auka løyvinga til ombygging i skulesektoren med 2 mill. kr til 12 mill. kr og inneklima- og brannsikringstiltak med 2 mill. kr til 14 mill. kr.

Forslaget fekk SV sine seks røyster. SV hadde også ei rekkje verbale forslag. Ingen av dei vart vedtekne. RV støtta sine to representantar støtta alle forslaga, medan Ap, V og Sp gav tilslutnad til enkelte punkt.

Venstre forslag
Venstre føreslo endringar på 35 mill. kr finansiert ved dei 15,7 mill. kr frå budsjettforliket og å kutta løyving på 19,3 mill. kr til Hardangerbrua.
Dei 35 mill. kr føreslår Venstre å bruka slik: Auka rammer vidaregåande skule 7 mill. kr. Auka ramme særskild undervisning 3 mill. kr. Styrking kulturbudsjettet 2 mill. kr. Ungdomskortet, 20 % rabatt, 3 mill. kr. Til næringsføremål og vegar i Hardanger 10 mill. kr. Vidare slik auke: Auka underskotsdekking 4,6 mill. kr, «heim for ein 50-lapp» 0,2 mill. kr, ungt entreprenørskap 0,5 mill. kr, forbetra kollektivtrafikktiltak 1,5 mill. kr, funksjonshemmedes fellesorganisasjon 0,1 mill. kr meir, og tilskot til Raftohuset 0,1 mill. kr.
Forslaget fekk Venstre sine to røyster.

Senterparti forslag
Senterpartiet føreslo å bruka dei 15,7 mill. kr i auka inntekter etter budsjettforliket i Stortinget slik: Vegvedlikehald 4 mill. kr, transport funksjonshemma 1 mill. kr, «heim for ein 50-lapp» 0,7 mill. kr, styrkingstiltak for elevar som fell utanfor 3 mill. kr, vaksenopplæring 1 mill. kr, vedlikehald bygningar 2 mill. kr, undervisningsutstyr 1 mill. kr, ikkje samordning av ungdomskort og skulereisekort 2,5 mill. kr og 0,5 mill. kr meir til kultur.
Forslaget fekk Senterpartiet sine fire røyster.

Raud Valallianse forslag
Raud Valallianse føreslo påplussingar for 205 mill. kr i budsjettet for 2005. 160 mill. kr av påplussinga «henta» RV frå partiet sitt budsjettforslag i Stortinget. Elles nytta RV 15,7 mill. kr frå budsjettforliket i Storinget, 19,3 mill. kr i kutt i løyvinga til Hardangerbrua, 5 mill. kr spart ved vidareføringa av ordninga med geografisk styrt inntak til dei vidaregåande skulane, 2,3 mill. kr i kutt i støtta til private skular, 0,8 mill. kr i samla kutt i løna til fylkesordførar og fylkesvaraordførar.

RV føreslo å auka løyvinga til kultur med 4 mill. kr, til utdanning med 88 mill. kr, 1 mill. kr meir til tannhelse, 36 mill. kr meir til samferdsel, 41,5 mill. kr meir til strategisk viktig prosjekt for regional utvikling, ca. 34 mill. kr ville RV stilla til disposisjon for utvala i fylkeskommunen og auka tilskotet til Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) med 0,5 mill. kr.

Forslaget fekk RV sine to røyster. Punktet om auka tilskot til FFO fekk åtte røyster (RV og SV).

Stanley Hauge

15.12.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart