
Fylkesordføraren sa det sterke fokuset på regionalisering er ein trend i tida.
- Eg meiner dette skuldast at det er behov for sterke regionar for å sikre at avgjerdene blir tatt på det mest hensiktsmessige nivået, og for å motverke den sterke sentraliseringa til hovudstadsområda. Samstundes trur eg arbeidet i Vestlandsrådet har vore sterkt medverkande til å auke fokuset på Vestlandsregionen. Dette blir lagt merke til, ikkje berre hjå oss politikarar i fylkeskommunane. Mange ordførarar i kommunane i Hordaland har engasjert seg i stigande grad, og mange ønskjer eit sterkt regionalt nivå.
Talsmenn for regionalisering
Fylkesordføraren la til at næringslivet, ved NHO både sentralt og lokalt, har også vore talsmenn for å få til ei regionalisering av næringspolitikken her i landet.
- Vestlandskonferansane til Sparebanken Vest har hatt fokus på regionutvikling på Vestlandet, og har vore sterkt opptatt av få ein dialog med medlemmene i Vestlandsrådet. Eg har også lagt merke til at Universitetet i Bergen har regionalisering med fokus på Vestlandet som eit av hovudsatsingane frametter.
Milepæl
Fylkesordføraren kommenterte viktige samferdselssakene som skal handsamast av fylkestinget som Hardangerbrua og Jondalstunnelen..
- Dette fylkestingsete representerer ein milepæl for utvikling av kommunikasjonar og vekstimpulsar i fylket. Mange vil og hevde at dei to prosjekta vi skal handsame også vil ha betydning ut over fylkesgrensa for trafikken mellom Vestlandet og Austlandet. Men eg ser dei først og fremst som prosjekt som vil kunne utløyse framtidsoptimisme og ny utvikling i område av fylket som er sårbare for omstillingar og nedgangstider.
Stå på for Hardangerbrua
Fylkesordføraren sa at pådrivarane for Hardangerbrua vil stå på til byggjearbeida er i gang.
- For dei veit at sjølv om vi no finn ei løysing for dette prosjektet, så må vi ikkje gløyme at det er sentrale vegstyresmakter og til slutt Stortinget som endeleg skal gje grønt lys for bygging av Hardangerbrua. Det sitjande Stortinget har sjølv bede om å få lagt fram eit finansieringsopplegg for prosjektet. Vår oppgåve vert å kome med eit tilbod som det skal bli svært vanskeleg å stoppe i siste runde. Eg har god tru på at vi tidleg på sommaren neste år kan heisa flagget for å markere brubygging og framtidshåp i indre Hardanger.
Puslespel og dugnadsprosjekt
Om Jondalstunnelen sa fylkesordføraren at den har vore eit puslespel og dugnadsprosjekt med mange bitar som skulle på plass.
- Etter at Stortinget no sette av midlar til prosjektet i budsjettet for 2005 ser det ut som det meste er på plass. Det må og understrekast at dette prosjektet med ei ramme på nærare ein halv milliard er det største investeringsløftet i regi av fylkeskommunen sidan utbygginga av Haukeland sjukehus på 1980-talet.
Glad for Austevollsbru
Fylkesordføraren er og glad for at det løyser seg for Austevoll.
- Gledeleg, men slett ikkje uventa, gav samferdselskomiteen i Stortinget i går klarsignal til bygging av Austevollsbrua som skal stå ferdig om tre år. Dermed vil alle dei store øyane i denne initiativrike kystkommunen vera bundne saman, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av fylkestinget i Bergen 14. desember 2004
Bjarte Brask Eriksen