Hordaland fylkesting har samrøystes vedteke å godkjenna bompengesøknaden for Jondalstunnelen med ei ramme for bompengane på 110,6 mill. kr. Fylkestinget har også vedteke at fylkeskommunen skal stilla simpel garanti for lån på inntil 125 mill. kr som bompe
Tom-Christer Nilsen (H) føreslo at fylkestinget skulle utsetja saka. I forslaget viste Høgre til at Stortinget berre har løyvd 30 mill. kr til Jondalstunnelen, medan det i den vedtekne finansieringsplanen er lagt til grunn 50 mill. kr frå staten. Fylkestinget bør derfor utsetja bompengesøknaden til ei finansieringspakke er på plass, føreslo Høgre. Forslaget fekk 11 røyster (H) og fall.
Det ligg følgjande føresetnader til grunn for søknaden om bompengeinnkreving for Jondalstunnelen:
– Byggestart i 2006 og ferdigstilling i 2009
– Førehandsinnkreving på riksvegferja Jondal-Tørvikbygd i perioden 2005-2008. Det er her lagt til grunn eit gjennomsnittleg påslag på ferjebilletten på 19 kr. Dette gir årlege bompengeinntekter på 2 mill.kr.
– Etterskotsinnkreving frå og med 2009 i ein periode på 15 år
– Autopass både i Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen. Trafikk som passerer begge tunnelane i løpet av ein time betaler bompengar kun ved ein passering (timesregel). Desse inntektene vil gå til Jondalstunnelen.
– Lånerente på 6,0%
– ÅDT på 486 i opningsåret 2009 med årleg trafikkvekst på 1,5 %
– Gjennomsnittleg inntekt pr. passering kr 70.-
Stanley Hauge