Vil ha utgreidd ”Trygt heim for ein 50-lapp”

Fylkesutvalet i Hordaland vil få utgreidd innføring av lokal persontransport på fritida for ungdom i tettstader utanom Bergen som eit ledd i trafikksikringsarbeidet frå neste haust. Modell for dette er prosjektet ”Trygt heim for ein 50-lapp” i Sogn og Fjo


Fylkesutvalet vil kome attende til mogeleg oppstart av transporttilbodet i samband med budsjettet for neste år, og at det blir sett i gang førebuingar slik at ordninga kan innførast frå neste haust. Målet er at ungdom natt til laurdag og natt til søndag skal kome seg trygt heim. Festar og andre arrangement samlar ungdom frå eit stort geografisk område. Ofte finst det ikkje etablerte transporttilbod når dei ønskjer å reise heim, og dei kan bli nøydde å sitje på med sjåførar dei ikkje stolar på.

Sogn og Fjordane har hatt stor suksess med slikt tilbod sidan utprøvinga i 2002. I år har dei avsett ein million kroner til føremålet. Det har ikkje vore dødsulukker i Sogn og Fjordane etter at prosjektet starta, men prosjektet ønskjer ikkje å ta heile æra for det.

Bjarte Brask Eriksen

30.08.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart