Uvisse for Hordalandsjordbruket etter WTO-avtalen

Eg fryktar at den nye WTO-avtalen om verdshandel kjem til å leggja bindingar på korleis regjeringa kan fordela den offentlege støtta til landbruket, og at dette kan koma til å slå beina under dei mange små- og mellomstore gardsbruka i Hordaland, seier fyl

Landbruket er viktig både for sysselsetjing, kulturlandskap og turisme i Hordaland. Eit levedyktig landbruk med aktiv gardsdrift er viktig for den samla utviklinga av fylket vårt. Eg håpar landbruksminister Lars Sponheim har rett i at den nye avtalen vil gjera det mogleg å halda fram med eit miljøvenleg småskalalandbruk, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Når Noreg no har slutta seg til rammeverket for den nye WTO-avtalen, vert det svært viktig for framtida til jordbruket i Hordaland at den endelege avtalen gjev regjeringa armslag til å fordela støtte etter dei ulike behova landsdelane imellom.

Eg fryktar at auka frihandel vil svekka matvaretryggleiken vår, jamvel om eit slikt frislepp vert følgd opp med styrka kontrolltiltak, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Stanley Hauge

03.08.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart