Trafikkauke på 3,3 % over Nordhordlandsbrua

Trafikken over Nordhordlandsbrua har auka med 3,3 % dei sju første månadene i år samanlikna med same periode i 2003. Ved utgangen av juli hadde det i år passert 1 978 963 køyretøy over brua. Det gjev eit døgngjennomsnitt på 9 291 køyretøy.

I juni 2004 var trafikken 320 510 passeringar (10 684 pr døger), ein auke på 1,5 % i høve til juni 2003.

I juli 2004 var trafikken 321 124 passeringar (10 359 pr døger), ein auke på 3,3 % i høve til juli 2003.

Fredag 25. juni 2004 passerte 14.368 køyretøy Nordhordlandsbrua. Berre ein gong har trafikken vore større. Dette var fredag 28. mai 2004 (fredag før pinse) då det passerte 14.490 køyretøy.

Sidan Nordhordlandsbrua opna for trafikk den 22. september 1994 (betaling frå 26. sept.) har trafikkutviklinga vore slik:

År - Trafikk - Prosentendring - Snitt pr. døgn
1994 - 583 171 - 6 012
1995 - 2 376 183 - 6 510
1996 - 2 473 134 - 4,1 - 6 757
1997 - 2 589 226 - 4,7 - 7 094
1998 - 2 750 189 - 6,2 - 7 535
1999 - 2 892 558 - 5,2 - 7 925
2000 - 2.947 108 - 1,9 - 8 052
2001 - 3 064 086 - 4,0 - 8 395
2002 - 3 223 542 - 5,2 - 8 832
2003 - 3 323 197 - 3,1 - 9 105
2004 - 1 978 963 - 3,3 - 9 291

Stanley Hauge

05.08.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart