TV-aksjonen skal gjere samfunnet varmare og romslegare

Dei innsamla pengane under TV-aksjonen 2004 skal gå til kampen mot psykisk og sosial naud. 85 prosent av pengane skal gå til tiltak som gjer samfunnet vårt varmare og romslegare, resten til barn som har fått traume av krig og konfliktar i andre delar av v

Hjerterom
TV-aksjonen 2004 går av stabelen søndag 17. oktober og har fått namnet ”Hjerterom”. Dei innsamla pengane blir delt mellom Kirkens Bymisjon og Rådet for psykisk helse. Fylkesaksjonskomiteen i Hordaland (biletet) har starta planlegginga. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er leiar i fylkesaksjonskomiteen.

Kamp mot psykisk og sosial naud
Målet med aksjonen er å skape eit Noreg med større hjarterom. Pengane skal gå til kamp mot psykisk og sosial naud. Inntektene skal gje tak over hovudet og opne verestader for dei som slit aller tyngst. Det skal byggast brukarstyrte bustader for menneske som i dag ikkje har stad å bu. Dei som lever i sosial isolasjon skal få ein verestad dei kan høyre til, der dei finn tryggleik og får auka livskvalitet.

Gjestebod skal endre haldningar
TV-aksjonen ønskjer og å endre haldningane vi møter andre menneske med. Difor skal aksjonen etablere nye møteplassar for dialog mellom menneske som vanlegvis ikkje møtast. Den nye møteplassen heiter gjestebod og frå i haust skal slike skipast til i tusental. Det kan vere kommunen, burettslaget, idrettslaget, speidarlaget eller du som inviterer. For det er i møte mellom menneske vi lærar av og om kvarandre. Slik kan vi bli kjende med dei mange sidene eitkvart menneske har. Vi trur at mange vil kjenne seg rikare etter å ha vore på gjestebod. Meir informasjon om gjestebod, med tips og råd, på www.tv-aksjonen.no. Her finn du og all informasjon om aksjonen og kan melde deg som bøsseberar.

Sjå bilete av fylkesaksjonskomiteen i Hordaland

Bjarte Brask Eriksen

24.08.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart