Alle elevar med ungdomsrett har fått plass i den vidaregåande skulen i Hordaland. Etter 2. gongsinntaket 4. august stod 221 elevar utan skuleplass. Desse får tilbod om plass i 3. gongsinntaket som blir ferdig fredag 13. august.
Totalt har 15.451 elevar takka ja til tilbod etter 1. gongsinntaket eller fått tilbod om plass etter 2. gongsinntaket i dei vidaregåande skulane i Hordaland.
Inntaksleiar Nils Skavhellen opplyser at dei resterande 221 elevane får tilbod i samsvar med opplæringslova. Det medfører at elevar som kjem frå 10. klasse får plass på eitt av dei tre vala dei søkte på. Elevar som skal på vidaregåande kurs, har fått plass på kurs dei har kompetanse til.
- Meldingskort til desse elevane blir sendt ut fredag 13. august. Dei skal ikkje gje svar til inntakskontoret, men tek imot plassen ved å møte fram på skulen ved skulestart onsdag 18. august, opplyser Skavhellen.
Ikkje behov for nye klassar
Det er ikkje behov for å opprette nye klassar i haust. For to år sidan måtte Hordaland fylkeskommune opprette 19 nye klassar like før skulestart fordi over 500 elevar med ungdomsrett stod utan skuleplass etter 2. gongsinntaket. I fjor hadde 350 elevar med ungdomsrett ikkje fått plass ved 2. gongsinntaket.
Skavhellen opplyser at det derimot kan hende at nokre klassar på vidaregåande kurs kan bli lagt ned etter skulestart. Dette fordi elevtalet er lågt i enkelte klassar.
- Er det nokon som ikkje møter fram til desse klassane, kan nedlegging bli aktuelt, og elevane blir overført til andre klassar, seier inntaksleiaren.
Byttedag
Etter 3. gongsinntaket overtek skulane utanom Bergen kommune arbeidet med å fylle opp restplassar. For skular i Bergen koordinerer Inntakskontoret i Hordaland fylkeskommune oppfylling av klassane ved å skipe til den såkalla byttedagen fredag 20. august. Her kan elevar på visse vilkår bytte til seg elevplassar som er blitt ledige ved at elevar ikkje møter fram til skulestart 18. august.
Ledige plassar etter at byttedagen er ferdig, blir lyst ledige måndag 23. august klokka 12.00. Desse plassane er det fritt fram for alle å søkje, men inntaksleiaren understrekar at dette ikkje må føre til at elevar trur at eit større tal plassar i Bergen blir lyst ledige. Spesielt på grunnkurs vil det i beste fall berre dreie seg om eit svært avgrensa tal plassar.
Bjarte Brask Eriksen