Skattesvikt på 20 millionar kroner i Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune ser ut til å få ein skattesvikt på om lag 20 millionar kroner i år. Fylkesutvalet ser alvorleg på dette. For å unngå underskot ber utvalet fylkesrådmannen om å setje i verk nødvendige tiltak.


Fleirtalet på ni i utvalet konkretiserer desse vedtaka (Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre), mens mindretalet på seks (Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti) ikkje ville konkretisere tiltak.

Tilsetsjingsstopp?
Fleirtalet vedtok at aktuelle tiltak kan omfatte tilsetjingsstopp, innkjøpsstopp, frysing av ubrukte tilskotsmidlar og gjennomgang av klassane for å sikre at oppfyllingsgraden er tilfredsstillande.

Vanskeleg å drive økonomistyring
Fylkesutvalet er derimot samrøystes i at det uroar at skatteinntektene kan svinge slik. Dette gjer det vanskeleg å drive god økonomistyring. Men utvalet understrekar at det er viktig å unngå rekneskapsmessig underskot og driftsunderskot. Utvalet ber fylkesrådmannen legge fram kva tiltak som er sett i verk og kva effekt vi kan vente av desse i samband med tertialrapporten som skal leggast fram på neste møte i fylkesutvalet, tysdag 21. september.

Lågare enn rekna med
I første halvår i år er skatteinntektene til Hordaland fylkeskommune lågare enn rekna med. For heile 2004 ser det ut til å bli ein svikt på om lag 20 millionar kroner.

Bjarte Brask Eriksen

27.08.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart