Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke å godkjenne nytt utgreiingsprogram for ny innfartsåre til Bergen frå sør. Det skal lagast reguleringsplan for parsellen E39 Svegatjørn-Rådal. I samband med den er det behov for ny konsekvensanalyse som klargjer forskj
Den opphavlege konsekvensanalysen frå 2000 var basert på tofeltsveg. Nye utrekningar viser at det er behov for firefeltsveg. Difor må det også lagast ny konsekvensanalyse.
Fylkesutvalet har ein del merknader til utgreiingsprogrammet for konsekvensanalysen. Det bør leggjast inn eit langsiktig perspektiv for trafikkprognosar for å få fram eventuelle konsekvensar for kapasiteten på vegsystemet i det aktuelle området.
Ein bør sjå på konsekvensar av bompengefinansiering med omsyn til avvisningseffekt og fordeling av trafikken på nytt og gamalt vegsystem.
Når det gjeld tilhøva for kollektivtrafikken må ein få fram eventuelle konsekvensar for avkjørslar og busshaldeplassar.
For avklaring av kulturminneinteresser i planområdet og i område for deponering av tunnelmassar må det takast kontakt med kultur- og idrettsavdelinga i fylkeskommunen og byantikvaren i Bergen kommune.
Bjarte Brask Eriksen