Ny konsekvensanalyse for E39 Svegatjørn-Rådal

Samferdselsutvalet i Hordaland tilrår å godkjenne nytt utgreiingsprogram for ny innfartsåre til Bergen frå sør. Det skal lagast reguleringsplan for parsellen E39 Svegatjørn-Rådal. I samband med den er det behov for ny konsekvensanalyse som klargjer forskj


Merknader
Den opphavlege konsekvensanalysen frå 2000 var basert på tofeltsveg. Nye utrekningar viser at det er behov for firefeltsveg. Difor må det også lagast ny konsekvensanalyse. Samferdselsutvalet har ein del merknader til utgreiingsprogrammet for konsekvensanalysen. Det bør leggjast inn eit langsiktig perspektiv for trafikkprognosar for å få fram eventuelle konsekvensar for kapasiteten på vegsystemet i det aktuelle området.

Avkjørslar og busshaldeplassar
Ein bør sjå på konsekvensar av bompengefinansiering med omsyn til avvisningseffekt og fordeling av trafikken på nytt og gamalt vegsystem.
Når det gjeld tilhøva for kollektivtrafikken må ein få fram eventuelle konsekvensar for avkjørslar og busshaldeplassar.
For avklaring av kulturminneinteresser i planområdet og i område for deponering av tunnelmassar må det takast kontakt med kultur- og idrettsavdelinga i fylkeskommunen og byantikvaren i Bergen kommune.

Saka går vidare til fylkesutvalet torsdag 26. august.

Bjarte Brask Eriksen

21.08.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart