Fylkesutvalet i Hordaland går inn for å prioritere Stordalstunnelen på E134 i Etne med byggestart i planperioden 2006-2015. Tunnelen skal finansierast med bompengar.
Denne tilrådinga til fylkestinget 12. oktober er gjort i samband med fylkesdelplanen for Haugalandet. Dette er den første felles plan for Rogaland og Hordaland og femner om kommunane haugesund, Karmøy, Tysvær, Bokn, Sauda, Vindafjord, Ølen, Sveio og Etne.
Planen har som hovudtema samordna areal- og transportplanlegging og legg opp til ei satsing på vidare utbygging av vegnettet gjennom ekstraordinær finansiering med bompengar.
Fylkesdelplan for Haugalandet gjev eit godt oversyn over utfordringar og strategiar for utvikling av areal- og transportmønster i Haugalandsområdet.
Fylkesutvalet tilrår i hovudsak planen for den delen som gjeld Sveio og Etne, og rår til at heile planen vert godkjent.
SV fremja forslag om ikkje å byggje ny veg mellom Etne og Sauda. Dette fekk berre dei to røystene til SV.
Bjarte Brask Eriksen