Bygging av kraftverket vil ikkje vere i vesentleg konflikt med viktige regionale interesser, men fylkesutvalet føreset at Statkraft justerer planane slik at sperredammen i Bjoreio ved Våkavad vert senka for å unngå konflikt med ei førhistorisk tuft og ein steinbygd ruin. Vegen inn til kraftstasjonen må truleg justerast på grunn av konflikt med ei kolgrop.
Fylkesutvalet i Hordaland meiner meir effektiv utnytting av eksisterande overføringar er viktig for å minske interessekonfliktane ved vasskraftutbygging. Dette kraftverket skal nytte fallet i eksisterande overføring mellom Bjoreio og Sysenvatn, men med eit nytt inntak ein km høgare opp i Bjoreio.
Kraftverket på 8MW vil produsere 27,4 GWh, i hovudsak sumarkraft. Kraftverk og tilkomsttunnel vert liggjande i fjell, med eit enkelt portalbygg for trafostasjon ved inngangen. Det er naudsynt med to tilkomstvegar, kvar på 200m, ein til kraftverket og ein til den nye inntaksdammen ved Våkavadjuvet. Tunnelmassane skal nyttast til utbetring av veger og andre lokale føremål. Det vert ei ny kraftline på 1,1, km lagt som kabel, samt opprusting av eksisterande 22 kV ned til Øvre Eidfjord.
Hovudverknaden av tiltaket er redusert vassføring i Bjoreio i 1 km lengde som følgje av flytting av inntaket. Av omsyn til dyr på beite vert det som i dag ei minstevassføring på 0,5 m3/s i sumarmånadene forbi inntaksdammen.
Tiltaket gjev betre utnytting av alt eksisterande inngrep.
Bjarte Brask Eriksen