Samferdselsutvalet vil kome attende til mogeleg oppstart av transporttilbodet i samband med budsjettet for neste år, og at det blir sett i gang førebuingar slik at ordninga kan innførast frå neste haust.
Målet er at ungdom natt til laurdag og natt til søndag skal kome seg trygt heim. Festar og andre arrangement samlar ungdom frå eit stort geografisk område. Ofte finst det ikkje etablerte transporttilbod når dei ønskjer å reise heim, og dei kan bli nøydde å sitje på med sjåførar dei ikkje stolar på. Dette ønskjer Hordaland fylkeskommune å gjere noko med.
Rutetilbod på kveldstid
Det er aktuelt å opprette lokale rutetilbod på kveldstid. Av 13 tettstader med minst 2000 innbyggjarar, har alle bortsett frå Vossevangen, Odda og Husnes eit godt rutetilbod. Av dei 14 tettstader med mellom 1000 og 2000 innbyggjarar manglar det tilbod på Dale i Vaksdal, Fitjar, Hagavik, Mosterhamn, Norheimsund/Øystese, Rubbestadneset, Skulstadmoen, Svortland og Sunde/Valen. Dei to tettstadene som skil seg ut i storleik er Vossevangen og Odda/Tyssedal, begge med 5.300 innbyggjarar.
Drosje
Aktuelt transportmiddel er drosje. Samferdselsavdelinga i fylkeskommunen har rekna på dette. Det vil koste 70.000 kroner årleg med eit ruteopplegg for til dømes Voss, Odda og Norheimsund/Øystese. 140.000 kroner med turar både natt til laurdag og natt til søndag.
Sogn og Fjordane har hatt stor suksess med slikt tilbod sidan utprøvinga i 2002. I år har dei avsett ein million kroner til føremålet. Det har ikkje vore dødsulukker i Sogn og Fjordane etter at prosjektet starta, men prosjektet ønskjer ikkje å ta heile æra for det.
Saka går vidare til fylkesutvalet torsdag 26. august.
Bjarte Brask Eriksen