Fleirtal for hyttebygging på Hjølmo og veg til Viveli

Fleirtalet i Hordaland fylkesutval vil ha hyttebygging i det omstridde området på Hjølmo i Eidfjord og bygging av veg til Viveli. Med 12 mot 3 røyster går fylkesutvalet inn for hyttebygging, mens 9 mot 6 går inn for veg til Viveli.


Snudde
Arbeidarpartiet og Senterpartiet har snudd etter tilrådinga i kultur- og ressursutvalet 18. august og røysta for hyttebygging saman med Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti. Dei tre som røysta i mot var SV og Venstre.

Omdiskutert veg
Bygging av veg til Viveli er meir omdiskutert. Der står Arbeidarpartiet fast på tilrådinga i kultur- og ressursutvalet om å gå imot veg til Viveli. Senterpartiet røysta saman med Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti og sikra fleirtal med 9 røyster, mens Arbeidarpartiet røysta saman med SV og Venstre mot bygging av vegen.

Unngå konflikt med kulturminna
For at det ikkje skal bli konflikt med kulturminna i området ber fleirtalet om at Eidfjord kommune ser nærmare på reguleringsplanen.
Vedtaket i fylkesutvalet er ei fråsegn til kommunedelplan for Hjølmo-Viveli.
Veg til Viveli vil gjere tilgangen til Hardangervidda lettare. Miljøverndepartementet har tidlegare sagt nei til denne vegen.

Bjarte Brask Eriksen

26.08.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart