Fylkesutvalet i Hordaland har merka seg at Alversund kan bli lokalsenter i Alverstraumen og oppmodar Lindås kommune om å legge vekt på å utvikle sjølve tettstaden til eit attraktivt senter for innbyggarane.
Vedtaket er gjort i samband med fråsegn til kommunedelplan for Alverstraumen. Fylkesutvalet uttalar at kommunedelplanen er utvikla i ein god prosess med fylkeskommunen og er i store trekk i samsvar med regional politikk.
Fylkesutvalet rår til at kommunen følgjer opp ambisjonane om differensierte og fortetta bustadområde og at det vert lagt til grunn arealanalysar for regulerings- og utbyggingsplanar for bustadområde.
Fylkesutvalet ser det som verdifullt at funksjonell strandsone er kartlagt i kommunedelplanen.
Fylkesutvalet er positiv til at kommunen har tatt omsyn til kulturminne i kommunedelplanen, og er nøgd med at det historiske tyngdepunktet i Alverstraumen og området ved den tidlegare plastfabrikken på Remme er bandlagt for regulering til spesialområde med føremål vern.
For å gjere planen mest mogleg eintydig ber fylkesutvalet om at planen vert retta opp der det ikkje er fullt samsvar mellom tekstdel og plankart i planframlegget.
Bjarte Brask Eriksen