Den kulturelle skulesekken i Hordaland er fylt opp med 6,5 millionar kroner dette skuleåret. Kultur- og ressursutvalet har godkjent prosjektplanen som mellom anna skal medverke til at elevar i grunnskulen skal få eit profesjonelt kulturtilbod.
Den kulturelle skulesekken er eit nasjonalt satsingsfelt med overordna målsettingar. Hordaland fylkeskommune har vedteke følgjande mål for tiltaket:
1. å medverka til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod.
2. å leggja til rette for at elevar i grunnskulen skal få tilgang til, gjera seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag.
3. å medverka til å utvikla ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.
4. å gje born oppleving av kunst og styrka deira eiga skaparevne.
Nyskaping og nyutvikling
I følgje Kultur- og kyrkjedepartementet skal nyskaping og nyutvikling av tilbod prioriterast. Tilskotet til Den kulturelle skulesekken skal brukast til meir kunst og kultur til kvar elev i grunnskulen. Midlane kan ikkje brukast til administrasjon.
Frå statleg hald vert det og slege fast at Den kulturelle skulesekken skal vera eit tillegg til eksisterande satsingar på skule-, kunst- og kulturområdet og ikkje erstatta noverande tiltak eller satsingar som blir finansierte med andre midlar. Hordaland fylkeskommune har ansvar for at Den kulturelle skulesekken kjem alle grunnskuleelevane i fylket til gode.
Nettverk
Fylkeskommunen skal ta initiativ til eit regionalt nettverk med kommunane og andre aktuelle aktørar for å utveksla erfaringar og heva kompetansen. Det vil vera ein fordel med kompetansehevande tiltak overfor kunstnarar og kulturarbeidarar om formidling til barn og unge. Det er ønskjeleg at representantar frå aktuelle høgskular og kulturinstitusjonar er involverte i samarbeidet. Den lokale forankringa er sentral i tiltaket. Som skuleeigar er det eit kommunalt ansvar å forankra Den kulturelle skulesekken på skulane.
Innspel frå kommunar, skular og kultursektoren.
Kultur- og kyrkjedepartementet har sett som krav at Hordaland fylkeskommune skal ha ein politisk behandla plan for Den kulturelle skulesekken. Planen skal vera basert på innspel frå kommunar, skular og kultursektoren. Den skal visa korleis fylkeskommunen koordinerer, administrerer og sjølv bidar til Den kulturelle skulesekken. Planen skal også visa samarbeid og nettverksbygging med kommunane, samarbeid mellom kultur- og skulesektor på fylkesnivå og med kulturinstitusjonar regionalt og nasjonalt. Den vedtekne prosjektplanen i Hordaland blir sendt til den nasjonale leiinga for Den kulturelle skulesekken.
Les meir om Den kulturelle skulesekken på www.hordaland.no/kultur/Skolesekken
Eli Lothe og Bjarte Brask Eriksen