6 mot 5 for hyttebygging på Hjølmo

Med seks mot fem røyster går kultur- og ressursutvalet i Hordaland inn for hyttebygging i det omstridde området på Hjølmo i Eidfjord og bygging av veg til Viveli. Det skjer i samband med fråsegn til kommunedelplan for Hjølmo-Viveli.


Bak fleirtalet står Høgre, Fremskrittspartiet og Pensjonistpartiet som går inn for utbygginga av omsyn til næringsinteressene og at veg til Viveli vil auke turiststraumen til Hardangervidda. Fleirtalet ber Eidfjord kommune sjå nærmare på reguleringsplanen av omsyn til kulturminna.

Mindretalet, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Venstre rår i frå hyttebygging på Hjølmo og bygging av veg til Viveli av omsyn til kulturminne, friluftsliv og landskapsverneinteressene. Arbeidarpartiet legg vekt på at området er innfallsporten til Hardangervidda.

Men Arbeidarpartiet er i tvil og fekk protolltilførsel om at dei skal vurdere saka vidare fram til handsaming i fylkesutvalet 26. august. Årsaka til at Arbeidarpartiet er i tvil er omsynet til dei som lever og bur i Eidfjord.

Fremskrittspartiet hadde protokolltilførsle om at utvalet må bli med på synfaring før avgjerd i kontroversielle saker.

26. august skal fylkesutvalet gje endeleg fråsegn frå Hordaland fylkeskommune.

Bjarte Brask Eriksen

18.08.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart