Vestlandet prøveklut for regional utvikling i Europa

For første gong i historia får Vestlandet som region støtte av EU til næringsutvikling. Hordaland og Sogn og Fjordane samarbeidar med tre regionar i EU, i Tyskland, Austerrike og Litauen. Totalt skal i underkant av 50 millionar kroner nyttast til å utvikl

På eit møte i Fylkeshuset i Bergen vart kursen for det unike regionale utviklingsprogrammet mellom Vestlandet og tre EU-regionar staka ut. Programmet blir leia av Bertram Harendt i det regionale utviklingsselskapet i Thüringen, Tyskland (midten). Sentrale lokale representantar er Thore Thomassen ved Europakontoret til Hordaland fylkeskommune (t.v.) og Arne Monrad Johnsen ved regional utvikling i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fjør i hatten
Thore Thomassen ved Europakontoret i Hordaland fylkeskommune, har i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, teke initiativ til prosjektet.
- Dette er ei fjør i hatten for oss. Det er ein glimrande idé å flytte arbeidet med næringsutvikling ut av kontora til EU til regionane. EU-kommisjonen har altså overlate til regionane sjølve å utvikle felles regionale utviklingsprogram. Dette er eit prøveprosjekt der EU-kommisjonen skal sjå om regionane er i stand til å gjennomføre slike program. Hordaland og Sogn og Fjordane står no i fremste rekkje i Europa for utprøving av desse nye arbeidsmetodane for regionalt utviklingsprogram. Blir dette vellukka, blir dette måten EU skal drive regional utvikling framover, seier Thomassen.

Dele kunnskap
I tillegg til vestlandsregionen er Thüringen i Tyskland og Kaerntan i Austerrike med. I tillegg er Kaunas i Litauen med som observatør. Programmet er retta mot små og mellomstore bedrifter. Når regionar i fleire land er med, er det fordi dei skal dra nytte av samarbeid og kunnskapen dei har og dele med kvarandre. Å byggje nettverk mellom bedriftene blir viktig. Dessutan blir det lagt vekt på overføring av teknologi bedriftene imellom og at nyetablerarar skal få betre tiltak til å komme i gang.

Bli samde om prosjekt
Ramma for prosjektet og samarbeidet er nettopp godkjent av EU.
- No skal regionane bli samde om kva prosjekt pengane skal gå til. Kvart prosjekt må vere eit samarbeid med minst to av dei deltakande regionane. Utfordringa blir å samordne regionale utviklingsprosjekt i Hordaland og Sogn og Fjordane og kople desse inn i samarbeid med dei andre partnarregionane. Vestlandet vil med dette prosjektet ta del i eit særs viktig og lærerikt internasjonalt samarbeid, seier Thore Thomassen.

Visste lite om Vestlandet
På eit møte i Bergen like før påske møtte representantar frå Hordaland og Sogn og Fjordane leiaren av dette utviklingsprogrammet, Bertram Harendt, som er leiar av det regionale utviklingsselskapet i Thüringen i Tyskland, ein region med over to millionar menneske.
- Dette er første gongen eg er i Bergen og på Vestlandet. Eg visste svært lite om regionen før eg kom hit. Tidlegare har eg vore på ferie i Arendal, men det er heilt annleis enn å vere her, seier Harendt.
- Kvifor vil de samarbeide med Vestlandet?
- Det var ikkje vi som valde å samarbeide med Vestlandet, det var Vestlandet som ville samarbeide med oss. Vi skal leie utviklingsprogrammet fordi leiarskapet må vere i eit land som er medlem i EU. Her i Bergen skal vi stake ut kursen vidare. No startar utviklingsprogrammet mellom dei fire regionane som skal gå over to og eit halvt år, seier Bertram Harendt.

Bjarte Brask Eriksen

07.04.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart