Vestlandet - eit fleirkulturelt samfunn

Formannen i Nobelkomiteen, Ole Danbolt Mjøs, og biskop Gunnar Stålsett kjem til Vestlandskonferansen om eit fleirkulturelt samfunn. Denne årlege konferansen blir skipa til 4. og 5. mai 2004 i Bergen.


Helse, sosialt nettverk, trivsel og medbestemming er tema for den 3. konferansen om ”Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn”. Konferansen blir skipa til tysdag 4. og onsdag 5. mai på Hotell Norge i Bergen. Dette er tredje året på rad Hordaland fylkeskommune og samarbeidspartnarane Fylkesmannen i Hordaland, Kommunenes Sentralforbund Hordaland, Bergen kommune og Helse Bergen rettar søkelyset på det fleirkulturelle samfunnet.
Kvart år har konferansen samla oppunder 170 deltakarar frå heile Vestlandet, og tema som utdanning, oppvekstmiljø og arbeidsmarknadssituasjon har vore drøfta.

Finne fotfeste i det bratte Vestlandet
Formannen i Nobelkomiteen, Ole Danbolt Mjøs, skal vurdere det fleirkulturelle samfunnet ut frå fredsperspektiv og visjonar. Tema for biskop Gunnar Stålsett blir dei fleirkulturelle verdiane. Lege Arild Aambø ved Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse i Oslo skal sjå på samspelet mellom helse, trivsel og livskvalitet. Psykolog Magne Raundalen skal fortelje om arbeid med barn og familiar som freistar å finne fotfeste i det bratte Vestlandet.

Fem år på mottak i Bergen utan svar
Erfaringar, forventningar og innspel frå innvandrarar sjølve blir viktig del av programmet. Mellom anna skal ungdommar frå So-Ho organisasjonen (Se oss – hør oss) fortelje om sine erfaringar. Dei har vore på mottak i Bergen i fem år utan å få svar på søknad om opphald i Noreg.Konferansen legg og vekt på nettverksbygging. Det blir skipa til frukostmøte hos fem institusjonar som arbeider med innvandrarar. Her kan ein høyre om erfaringane dei har og dra nytte av det i det vidare arbeidet.

Første bok om kompetanseheving
På konferansen blir boka ”Hordalandsmodellen - Med kurs for tverrkulturell kompetanse” presentert. Dette er den første metode-handboka innan sitt felt og omhandlar kompetanseheving i tverrkulturell forståing av tilsette i offentleg sektor. Boka er basert på erfaringane med eit pilotprosjekt som Hordaland fylkeskommune har administrert og utvikla i samarbeid med Utlendingsdirektoratet, Bergen kommune, Kommunenes Sentralforbund - Hordaland og Fagforbundet. Evalueringa og utarbeiding av metodehandboka har SINTEF/IFIM stått for.

Føregangsfylke
Bakgrunn for konferansen er mellom anna Regjeringa sin handlingsplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006) og handlingsplanane til Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune for integrering av flyktningar og asylsøkjarar. Hordaland har vore føregangsfylke når det gjeld utviklande tiltak i relasjon til integreringsarbeidet.

Program for konferansen

Bjarte Brask Eriksen 20.04.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart