Ny ekspressbuss Bergen – Oslo

Hordaland fylkesutval går inn for at Gaia Trafikk får løyve til å drive ekspressbuss mellom Bergen og Oslo. Gaia vil køyre to trasear, både over Hardangervidda og Lærdalstunnelen.

Ønskjemålet til Gaia er å setje ruta i drift så fort som mogeleg. Det er planlagt to daglege rundturar med avgang frå Bergen og Oslo klokka 07.00 og 16.30 seks dagar i veka, laurdag ein tur kvar veg klokka 07.00.

Ruteselskapet reknar med at bussen vil bruke om lag åtte timar pr. tur. Prisen er sett til 310 kroner Bergen-Oslo ved tinging og betaling på internett.

Endeleg avgjerd er det samferdselsdepartementet som tek.

Stanley Hauge

06.04.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart