Den japanske landbruksministeren Yoshiyuki Kamei skal ha samtalar om jordbruksforhandlingane i WTO med landbruksminister Lars Sponheim i Ulvik fredag 30. april. Ministermøtet er lagt til Hjeltnes gartnarskule.

Det er fyrste gong at ein japansk landbruksminister er i Noreg, og det er politiske samtalar med sin norske og sveitsiske kollega som er målet for denne Europa-turen, heiter det på Odin – regjeringa si nettside.
Samarbeider tett
På Odin heiter det vidare: «Desse tre landa samarbeider tett i dei pågåande jordbruksforhandlingane i WTO, og under samtalane med den japanske landbruksministeren vil Sponheim drøfta ulike strategiar for å få gjennomslag i forhandlingane. Det er særleg forslaget om å etablera eit øvre tak på tollsatsane som skapar store problem for land som Noreg, Japan og Sveits. Under opphaldet i Noreg vil Kamei vitja fleire gardsbruk i Hardanger og Sogn for å få eit innblikk i rolla som jordbruket i Noreg speler for kulturlandskap, levande bygder, biologisk mangfald og matvareberedskap.»
Møte og lunsj
På møtet i Ulvik deltek ca. 20 delegatar frå Japan og Noreg. Rett etter møtet vert det servert lunsj med lokal mat, fortel rektor Asbjørn Børsheim. Han lovar både blåskjel frå Ulvikafjorden, lam frå Hardanger og moreller til dessert. Kl. 14.30 vert det pressekonferanse og deretter dreg følgjet innom landbruksminister Sponheim sin gard.
Turen fredag 30. april startar med buss frå Bergen - kort stopp på Fykse før dei kjem til Hjeltnes - etter Ulvik til Skår i Granvin (Skårapylsa) pluss besøk hos Knut Bryn, Voss (husdyr). Overnatting Voss før dei skal om Myrdal/Flåm på laurdag.
Stanley Hauge