Hordaland får nær 61 mill. kr i spelemidlar til idrettsanlegg i 2004, viser fordelinga frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Summen er om lag 10 mill. kr høgare enn for 2003, opplyser idrettssjef Tore Alfstad i Hordaland fylkeskommune.
På landsbasis er summen som fylkeskommunane får til fordeling til idrettsanlegg i 2004 på 578,65 mill. kr (2003: 495 mill. kr). Hordaland har fått ca. 10,5 % av denne summen til fordeling.
Av dei ca. 61 mill. kr som Hordaland får, er 50,56 mill. kr øyremerkte ordinære anlegg, 8,9 mill. kr til nærmiljøanlegg og 1,5 mill. kr til nærmiljøanlegg etter forenkla ordning.
Regjeringa har også sett av 68 mill kr til anleggspolitiske program som skal ha fokus på anleggsutbygging i tett folkesette område, og stimulera til bygging av nye og moderne anlegg.
Les pressemelding om saka
Stanley Hauge