Hordaland fylkesutval har samrøystes gjeve fylkesrådmannen fullmakt til å prøva å finna ei løysing med HSD som inneber at ferja som HSD driv mellom Breistein og Valestrand held fram å gå fram til eit nytt selskap overtek, seinast medio juni 2004.
Tom-Christer Nilsen (H) sette fram følgjande forslag som fekk tilslutnad frå alle partia i fylksutvalet:
«Fylkesutvalet er kjent med at den noverande ferjedrifta mellom Breistein og Valestrand er planlagt å opphøyra frå 1.5. 2004. Ny ferjerute kan ikkje koma i gang før i byrjinga av juni.
Opphøyr av ferjedrifta i ein slik kort periode vil medføra kostnader knytt til omlegging av rutetilbod for buss, og moglege problem for etablering av ny ferjerute på grunn av endra reisevanar. Det er derfor viktig å få kontinuitet i transporttilbodet.
Fylkesutvalet gjev fylkesrådmannen fullmakt til å prøva å finna ei løysing med HSD som inneber at ferja som HSD driv mellom Breistein og Valestrand held fram å gå fram til eit nytt selskap overtek, seinast medio juni 2004.»
Stanley Hauge