Kommunal- og regionaldepartementet har godkjent Hordaland fylkeskommune sitt årsbudsjett og låneopptak for 2004. Dette går fram av brev frå departementet datert 2. april 2004.
Departementet si godkjenning er gledeleg og viser at fylkeskommunen er på rett veg for å koma ut av dei økonomiske vanskane, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Departementet godkjende ikkje 2004-budsjettet og låneopptaka som fylkestinget vedtok i desember i fjor. Ved fylkestinget 16.-17. mars i år vart budsjettet handsama på nytt. Fylkestinget gjorde då vedtak der ei uspesifiserte innsparing på ca. 13 mill. kr vart dekka inn, samstundes som underskotsdekkinga vart auka og låneopptaka til investeringar redusert.
I brevet frå KRD heiter det: «Departementet godkjenner med dette fylkestinget sitt vedtak om årsbudsjettet for 2004. Departementet godkjenner den budsjetterte låneramma på 126,5 millionar kroner til investeringsformål. Hordaland fylkeskommune vil dermed ikkje lenger vere registrert i ROBEK på bakgrunn av usaldert budsjett, jf. kommunelova §59a nr. 1 pkt. a. Fylkeskommunen vil likevel framleis stå oppført i registertert med heimel i kommunelova §59a nr. 1 pkt. b og c.»
Dei to sistnemnde punkta gjeld at økonomiplanen ikkje er i balanse (b) og at dekking av underskot vert strekt over meir enn to år etter at underskotet oppstod (c).
Stanley Hauge